Analyse av legionella-prøver (Foto: NRK)
Det er funne legionellabakteriar i prøvar tatt i dusjen til familien til ein 19 år gamal gut som døydde av legionella for tre veker sidan. Guten var elev ved Skogn folkehøgskole i Levanger.
Prøvene frå heimen stemmer med prøver som blei tatt av 19-åringen. I følgje smittevernoverlege Eli Sagvik i Trondheim kommune er det difor svært truleg at 19-åringen blei smitta i heimen sin.
Smittevernoverlege Eli Sagvik
Tiltak i heimen
Det er sett i verk tiltak i bustaden med reinsing og kloring av dusj og dusjslange og gjennomspyling med varmt vatn i alle tappepunkt.
Temperaturen i varmtvasstanken i bustaden låg godt over kravet på 65 grader. Smitteoverlege Eli Sagvik oppmodar også alle andre om å reingjere og desinfisere alle dusjhovud og dusjslangar med klor minst ein gong i kvartalet.
Det er dessutan viktig at temperaturen på vatnet er høg nok. På tappestader som ikkje er jamnleg i bruk, tilrår smittevernoverlegen gjennomspyling med varmt vatn nokre minutt kvar veke for å redusere talet på legionallebakterier.
Gjekk på folkehøgskule
19-åringen var elev ved Skogn folkehøgskole i Levanger.
Det var ei stund mistanke om at han kunne ha blitt smitta der, og skulen blei difor stengt i nokre dagar til det var gjort nødvendige smitteverntiltak.
Prøvar frå skulen har tidlegare vist at det ikkje var legionellabakteriar der.