Hopp til innhold

Fann 1500 år gammal bronsespenne

– Mitt beste funn, ei utruleg oppleving, seier hobby-metallsøkar som fann ei draktspenne på eit jorde i Skaun.

Krossforma spenne frå folkevandringstida

Denne krossforma spenna vart oppdaga av metall-leitar Roy Søreng.

Foto: Roy Søreng

Hobbyarkeolog og metallsøkar Roy Søreng

Roy Søreng har drive med metallsøking sidan 2013, då han kom over ein artikkel om temaet.

Foto: privat

Hobbymetallsøkar Roy Søreng var ute og leita på eit jorde på Skaun då han brått fekk inn gode signal frå metalldetektoren. Søreng grov forsiktig ut ein plugg av jord, og såg umiddelbart at det han hadde avdekka var noko heilt spesielt, ei krossforma draktspenne frå om lag 500 etter Kristus.

– Eg køyrde rett heim etterpå, eg berre skalv, fortel Søreng til NRK.

– Dette er mitt beste funn i eigen regi. Det var ei utruleg oppleving, det er ikkje ofte slike ting dukkar opp.

Søreng har no levert funnet til fylkesarkeologen for registrering. Spenna vil deretter bli overlevert til NTNU Vitenskapsmuseet.

– Vi får ikkje inn slike krossforma spenner kvart år. Dette er eit godt funn, seier arkeolog Ingrid Ystgaard ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Ystgaard har sett Søreng sine bilete av spenna, og kan stadfeste at ho skriv seg frå folkevandringstida, mellom 400 og 575 år etter Kristus.

Ho fortel at krossforma spenner var typiske for denne tida, og spennene vart brukt på både manns- og kvinnedrakter.

– Klarer ikkje ta unna alt

Arkeolog Ingrid Ystgaard

Arkeolog Ingrid Ystgaard ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Foto: Morten Andersen / NRK

Interessa for metallsøking har blussa opp det siste året, noko som fører til at stadig fleire gjenstandar blir levert inn til museet. Det har gitt museet eit luksusproblem:

– Vi er ikkje dimensjonert for å ta unna alt dette, fortel Ystgaard.

I mange tilfelle er det også nødvendig å gjere utgravingar på funnstadene, men dette utfordrar kapasiteten på museet.

Likevel ser ho positivt på hjelpa frå metall-leitarane.

– Vi er svært glade for å ha eit godt samarbeid med Trondheim metallsøkerklubb. Dei har ei leiing som er seriøs og opptatte av å følgje norsk lovverk og oss som forvaltar det.

Artig hobby

Søreng anbefaler alle som er interesserte i å begynne med hobbyen om å sette seg inn i reglar og retningslinjer for bruk av metalldetektor.

Sjølv er han ute kvar kveld så lenge det er forhold til det, og har levert inn heile 11 gjenstandar til fylkesarkeologen berre i år.

– Eg skuldar familien ein stor takk fordi dei lar meg halde på med dette. Dei synest heldigvis også det er artig, spesielt ungane i familien, seier han.