Hopp til innhold

Markerte freden med fangebok

Falstadsenteret og familien etter Falstadfangen Frank Storm Johansen markerte 70-årsminnet for freden i 1945 med å gi ut privat krigsdagbok.

Fange 73742 Falstad

Ungdomsfoto av Frank Storm Johansen. Utsnitt av framsideillustrasjon frå boka Tusen dager i fangenskap.

Foto: Arild Bye, Illustrasjon Bjørn Kulseth

Dette er boka om krigsfangen som etter å ha hatt livet på vent i tusen dagar, kom frå fangeopphaldet – med tru på livet og det gode i mennesket.

Arrestert i samband med Majavass-saka

Det var med utgangspunkt i den kjente Majavass-saka Frank Storm Johansen hamna på Falstad. Tyskarane rulla opp ein del av motstandsorganisasjonen på Søndre Helgeland hausten 1942, og arresterte mange, etter at ein lensmann og betjenten hans var skotne da de kom og skulle arrestere folk som deltok i det illegale arbeidet.

Blant anna var da fire mann frå Kompani Linge sett i land i distriktet for å organisere folk som kunne vere med og førebu ei muleg engelsk ilandsetting av styrkar i Noreg seinare ut i krigen.

I september 1942 vart Frank Storm Johansen arrestert i den tyske aksjonen mot dette undergrunnsarbeidet. Han var da 23 år gammal, og tilsett som telegrafist i NSB på Trofors stasjon.

Saman med mange frå Søndre Helgeland og dei nordlege distrikta i Nord-Trøndelag, vart han frakta til fangenskap i Levanger.

Skulle gifta seg veka etter arrestasjonen

Frank Storm Johansen måtte sone innpå tre år i tysk fangenskap, halve krigstida. Først på Falstad, der han opplevde standretten kor mange av dei arresterte frå Majavass-gruppene, vart skotne.

Det var ei forferdeleg tid, alle gjekk omkring og frykta dødsdomen på Falstad.

«Hvordan går det, Nils», spurte jeg så oppmuntrende som mulig. Han var blitt helt forandret på de dagene han hadde vært i Trondheim, tynn og blek, helt innfallen i kinnene. Det var som om den kraftige mannen var sunket sammen, var blitt mindre.« Det ble dødsdom,» svarte han rolig. Jeg var helt lamslått og fikk ikke samlet meg til å si noe før han måtte løpe. (utdrag fra boka.)

Av dei 34 som vart avretta på Falstad i standretten i oktober 1942, var mange frå Søndre Helgeland, mellom dei Nils Møllersen frå Majavatn. Sjølv fekk telegrafisten frå Trofors behalde livet. Kanskje var det tilfeldig, men han såg mange gode kameratar gå i døden.

Seinare vart han send til Tyskland, og satt i leirar der heilt fram til freden i 1945, først i Sachsenhausen, seinare i underleiren Falkensee.

Frank Storm Johansens pass 1945

Passet til Frank Storm Johansen frå 1945.

Foto: Illustrasjon frå boka Tusen dager i fangenskap

Beretninga si skreiv Frank Storm Johansen dels i fangenskap, dels består boka av oppteikningar gjort etter krigen og dels lenge etter krigen. Også brev mellom han og kona Ruth Storm Johansen, som han skulle gifta med berre ein veke etter at han vart arrestert, er med i den personlege samlinga av krigsinntrykk som boka er.

Arne Langås

Konservator Arne Langås, Falstadsenteret.

Foto: Arild Bye / NRK

Materialet til det som no har blitt bok blei avslutta så seint som i 1986.

Tusen dagar i fangenskap

Opphavleg var arbeidet kun tenkt som noko familien kunne ha glede av. Men etter at faren døydde, donerte kona og sønene Bjørn og Tor Storm Johansen materialet til Falstad museum. Det var før Falstadsenteret var oppretta. Målet var at det ikkje måtte gå tapt, men også at det kunne kome til nytte i arbeidet for å forstå krigen og krigens følgjer.

Delar av det er brukt tidligere, i ulike samanhengar i formidlingsarbeidet ved Falstadsenteret, seier konservator Arne Langås til NRK.

Men det er først no, til 70-årsmarkeringa av freden, at senteret i samarbeid med familien, gir ut Frank Storm Johansensbetetning som bok under tittelen Tusen dager i fangenskap.

Valde å tilgi for å få fred

Konservator Arne Langås seier til NRK at det spesielle med Frank Storm Johansen var at han etter krigen valde å tilgi det han hadde blitt utsett for under krigen.

– Han kom i frå det med trua på det gode i mennesket. Det er sterkt av ein mann som har sete lenge i krigsfangenskap, og sett medfangar bli skotne i Falstadskogen, legg Langås til.

«Vi opplevde hvor grusomme mennesker kan være. Men, heldigvis, vi så også det motsatte, hva mange kunne utsette seg for bare for å hjelpe medmennesker. For oss som satt på Falstad, var Ekne-befolkningens innsats for å hjelpe fangene av enorm betydning. Ekstra mat som ble smulglet inn, og ikke minst beskjeder som ble formidlet mellom utenverdenen og fangene. Risikoen for dette tenkte visst de gode mennesker på Ekne ikke på.» Utdrag frå boka.

Frank Storm Johansen valde å legge hatet bak seg. Slik kom han gjennom tida etter krigen, enda det var ikkje lett. Det var det ikkje for nokon som hadde sete innsperra, vore i kamp eller på anna vis hadde merke på sjela etter å ha vore i strid på livet mot ein fiende. Men Frank Storm Johansen kom i frå det med trua på det gode i mennesket, seier Langås.

brudebilde Ruth og Frank Storm Johansen

Brudebiletet av Ruth Leüthen og Frank Storm Johansen i 1945, tre år etter at dei først skulle gifte seg.

Foto: Illustrasjon frå boka Tusen dager i fangenskap

Familien er med på utgjevinga

Sonen Bjørn Storm Johansen som bur i Verdal i dag, er fødd inn i fredens Noreg. Han er kjærleiksbarnet til faren og mora. Ruth venta heime i Trondheim heile krigen, til freden kom, og fekk lov til slutt, til å gifte seg med krigsfangen sin – som ho skulle gifta seg med 19. september 1942.

Bjørn Storm Johansen fortel til NRK Trøndelag at faren kanskje greide å sjå skilnaden på det tyske og naziideologien. Det var det siste han kjempa imot.

Mange vart turane til Falstadskogen etter krigen, minnest Bjørn – for å minnast – og heidre minnet over dei falne kameratane til faren, som vart igjen der.

Faren var opptatt av å ta vare på mennesket i seg etter ein krig, av menneskeverd og toleranse.

Frank Storm Johansens krigsbok

Frå boka Tusen dager i fangenskap.

Foto: ARild Bye. Illustrasjon ved Bjørn Kulseth

«Ja prisen var høy! For min del, fangenskapet og tysklandsoppholdet til tross, er jeg glad for at jeg var med da det gjaldt.

Grusomheter og brutaltiet forekommer overalt, men det er vel sjelden eller aldri satt slik i system som i Nazi-Tyskland.» Utdrag frå boka.

Frank Storm Johansen døydde i 1990. Han var fødd og oppvaksen i Oslo. Han var etter krigen tilsett som jernbanefullmektig på Mosjøen stasjon. Kona, mor til Bjørn og Tor, Ruth Storm Johansen, var frå Trondheim. Ho var gymnaslektor i Mosjøen i heile etterkrigstida. Ho lever framleis i Mosjøen. Ho er hundre år i år.