
Robert Lunds enke Unni Lund og advokat Edmund Asbøll.
Saka om storrøykaren frå Hemne, som saksøkte Tiedemands tobakkfabrik etter at han fekk kreft, har gått gjennom heile rettsapparatet.
Det er eit svært positivt signal, at Høgsterett tok opp denne saka på eget initativ, meiner Asbøll.
- Høgsterett har sett av to veker til denne saka og avgjerda blir gjort kjent i full offentlegheit med media til stades. Dette tyder på at saka er tatt på alvor.
Har vunne fram
Robert Lund rulla trufast sine Petterøes Blå, like til han døydde av lungekreft, berre dagar før den første rettsavgjerda i Orkdal Herredsrett for snart tre år sidan.
Han tapte saka mot Tiedemanns, slik hans etterlatte tapte ankesaka i Frostating Lagmannsrett i fjor.
- Slik familien ser det har Robert Lund vunne fram i sin kamp uansett kva utfallet blir fredag. Han har stor ære for det som skjer i samfunnet i dag med tanke på media sine stadige avsløringar i tobakksindustrien, seier advokat Edmund Asbøll.
Første sak i Noreg
Det er enka, Unni Lund, som nå er formell saksøkar, men argumentasjonen frå advokatane Edmund Asbøll og Asbjørn Kjønstad er den samme: Lund visste ikkje at røyking var så farleg då han begynte i 1953.
Tiedemanns advokat, Johan Hjort, meiner faren ved å røyke var kjent blant folk allereie då, og at det den gong som no er eit val ein gjer når ein tek det første trekket.
I USA har tobakksprodusentane blitt ilagt milliardar i erstatningsansvar etter at røykarar har saksøkt dei. Men Lund-saka er den første i sitt slag i Noreg. Det blir truleg også den siste, dersom familien taper for tredje gong.
Dei kan då bli nøydd til å svare for delar av sakskostnadane til Tiedemanns, og det er rekna ut til nærmare ni millionar kroner.