Familie i Trondheim smitta av koronaviruset

Ein familie på fire er smitta av koronaviruset etter å ha vore på reise i Spania. Kommuneoverlegen i Trondheim fryktar ytterlegare smitte etter at grensene opna.

Skilt utenfor teststasjonen på Leutenhaven i Trondheim. På skiltene står det blant annet Koronavirus prøvetaking. En vekter i gul vest står utenfor inngangen.

TESTING: – Det er viktig at ein raskt får testa seg om ein har symptom etter reise i utlandet, seier kommuneoverlegen i Trondheim.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Torsdag fekk tre personar bekrefta smitte av koronaviruset i Trondheim. Totalt er dermed fire personar smitta med viruset i kommunen den siste veka.

Alle tilhøyrer den same familien, opplyser Trondheim kommune på si heimeside fredag morgon. I førre veke var det ingen nye tilfelle av koronasmitte i Trondheim.

Kommuneoverlege i Trondheim kommune, Tove Røsstad, er ikkje overraska over at det dukkar opp nye smittetilfelle.

– Det er heilt forventa når det opnast opp for at ein kan reise til utlandet.

Familien kom tilbake frå reise nord i Spania og fekk testa seg raskt etter tilbakekomst. Dei rakk likevel å treffe andre folk før dei fekk påvist smitte og vart sett i isolasjon. Fleire personar i Trondheim er no i karantene og kommunen er i gong med smittesporing.

– Familien har relativt lette symptom, opplyser kommuneoverlegen.

Tove Røsstad

KOMMUNEOVERLEGE: Tove Røsstad er kommuneoverlege i Trondheim kommune.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Spania kan bli «raudt» etter dagens pressekonferanse med nye reiseråd frå regjeringa.

Om dette skjer, må nordmenn som kjem frå Spania sitte i karantene i 10 dagar etter heimkomst.

– Det viktigaste etter ei reise er å rekne med at ein kan vere smitta og at ein raskt får testa seg, seier Røsstad.

Auken av tilfelle i Spania gjer at landet overstig grensa til FHI med 20 tilfelle per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene.

– Er det grunn til å bekymre seg for smitte i Trondheim?

– Det vil alltid vere ein risiko for at ein blir smitta i utlandet og tek med seg smitte tilbake til Trøndelag. Folk som reiser må vere påpasselege dersom dei har symptom når dei kjem heim.

Kommuneoverlegen åtvarar om at det er meir smittespreiing i dei fleste land enn i Noreg, og at det endrar seg raskt.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 09.08.2020
346
Siste uke
15
Innlagt
256
Døde