Hopp til innhold

Familiane budde i same nabolag

Familien til den drepte 15-åringen i Skaun budde i same nabolag som familien til gjerningsmannen. I føremiddag sat dei saman på lensmannskontoret.

Skaun Fossland

Politiførstebetjent Odd Fossland.

Foto: Montasje / NRK

– Det var eit møte fullt av kjensler, men dei komme seg gjennom det og snakka saman om det som har skjedd, seier førstebetjent, Odd Fossland, ved Skaun lensmannskontor til NRK Trøndelag.

Familiane ytra i natt ønskje om å møtast, saman med politi og eit kriseteam. Møte fann stad på lensmannskontoret mandag føremiddag.

Har tilstått

Den 15 år gamle jenta blei meldt sakna av familien sin i går kveld. Klokka 2330 blei ho funnen drepen i eit skogsområdet ved travbana i Børsa i Skaun.

Eit kvarter tidlegare blei ein 18 år gamal mann tatt av politiet. Han er sikta for drap og innrømte i føremiddag at han har tatt livet av 15-åringen.

– Han har erkjent at han står bak drapet han er sikta for, seier 18-åringens forsvarar, advokat Torfinn Svanem til NRK Trøndelag.

Familiar i sjokk

Både familien til jenta og gjerningsmannen er i sjokk over det som har skjedd.

– Dei valte å møtast fordi det er viktig å snakke saman, for dei skal leve vidare. Dette er ei stor påkjenning for begge familiar, seier Fossland.

Begge familiane er norske og bur i Skaun.

Søt og livleg jente

Den 15 år gamle jenta var elev ved Skaun ungdomsskole. Ho blir av medelevar skildra som ei livleg, morosam og svært søt jente som var godt likt av alle.

For elevane kom meldinga om at ein av deira var drepen i løpet av natta som eit sjokk.

– Det har komme som eit sjokk på skulen og spesielt alle i tiandeklasse som har mista ei veninne dei var svært glad i. Det har vore ein tung dag, seier FAU-leiar Per Erik Gjelstad til NRK Trøndelag.

Sky og beskjeden

18-åringen er sikta for forsetteleg drap. Han er tidlegare ustraffa og blir skildra som ein hyggeleg og venleg , men litt sjenert og sky person.

– Eg hadde aldri trudd han kunne gjere noko slikt, seier ei jente som har gått i klasse med 18-åringen.

Ifølge Adresseavisen var 18-åringen heime på permisjon frå Forsvaret.

Mannen blir framstilt for varetektsfengsel i morgon, tirsdag.