Hopp til innhold

Falstad inn i internasjonalt krigsfangeleir-prosjekt

Falstadsenteret i Levanger og NTNU er med i ein stor europeisk studie av ulike krigsfangeleirar i Europa under andre verdskrig.

Falstad

Falstad krigsfangeleir ved Trondheimsfjorden var i drift som tysk leir under 2. verdskrigen. Ei kort tid etter krigen vart den brukt til internering av norske landssvikarar.

Foto: Privat

Målet er å formidle kunnskapen om dette røyndomsfeltet til menneske i dag som lever utan å ha opplevt krigens bestialitet.

– Vi er sers glade for å bli ein del av det presitsjetunge utvalet av stader det skal forskast på, seier direktør for Falstadsenteret, Tone Jørstad.

Ho legg vekt på at senteret har fått denne viktige rolla i EU si forsking på emnet i eit samarbeid med NTNU, og professor Marek Jasinski som har leia arbeidet med søknaden frå norsk side.

– Han har uforma planane, og Falstadleiren er den staden det skal forskast med utgangspunkt i, seier Jørstad.

Treblinka, Bergen Belsen og Falstad

Saman med universitet og krigsfangeleirar i seks andre land, Nederland, Storbritannia, Tsjekkia, Polen, Spania og Tyskland, er den norske Falstadleiren tatt med.

SS-leiren i Levanger blir kopla saman med fleire kjente europeiske krigsminnelandskap, som Bergen Belsen i Tyskland, Treblinka i Polen, Camp Westerbork i Nederland, Jasenovac i Kroatia.

Falstad

Porten til Strafgefangenlager Falstad, SS-leiren i Trøndelag.

Foto: Falstadsenteret

Forskinga blir fiansiert gjennom ei EU-tilskotsordning som heiter HERA – Humanities in the European Reserach Area.

Europeisk minnekultur

Millionar døydde og millionar blei utsette for deportasjon, fengsling og trakassering, men overlevde under ulike totalitære regime i det 20. hundreåret, men tidsvitna held på å døy frå oss.

EU meiner derfor leirlandskapa og røynsler frå dei overlevande er viktige deler av europeisk fortid, og naudsynte å forske på, skal vi som samfunn halde fram med å ta lærdomar av denne forferdelege biten av europeisk historie.

Gjenskaping av tida med ny teknologi

Få leirlandskap er i dag teke vare på, nesten ingen er intakte, det meste av krigens barbari er jevna med jorda og stadene ligg att som halve skâl, eller er bygd igjen.

På Falstad er også det meste vekk. Men ny teknologi kan vere med å gjenskape historia, og forskninga vil omfatte både arkeologi, arkivstudier, og muntlege beretningar.

Den ukjente

Mange krigsfangar særleg russiske og serbiske, måtte bøte med livet i Falstadskogen i den tida nazi-leiren var i drift. Her eit kors over ei grav til eit uidentifisert offer.

Foto: Oskar A. Johansen/ Falstadsenteret

3D-modellar kan t.d. utviklast og vere med og vise korleis rivne leirar verkeleg såg ut mens dei var i drift.

Falstad høgt framme internasjonalt

Det heiter i EU-prosjektet sin uttale om arbeidet til NTNU og Falstadsenteret, at det norske bidraget står fram som eit viktig og høgst relevant notidsprosjekt.

Bedømmingskomiteen har tatt med Noreg og Falstad fordi den norske delen fell godt inn i heilskapen for det arbeidet som skal gjerast.

Tone Jørstad er stolt over plassen Falstad som forskningsbase har fått.

– Når dei seier vi er i forkant internasjonalt, er det sers gledeleg å høyre, seier Jørstad, som no arbeidet på Falstadsenteret på siste året for sin del. Snart gir ho leiinga over til nye krefter.

Les NRK-sak om Falstadsenteret og forsking om at krigsrøynsler kan gå i arv.