– Klarer du gjette kor gammal eg er, spør NRKs reporter.
– Eg ville ha spurt deg om legitimasjon, men eg tenkjer at du er ... la oss seie 24, svarer butikksjefen på Vinmonopolet Valentinlyst, Gaute Skjold.
Denne gongen treffer Skjold spikaren på hovudet, men han seier at det ikkje alltid er like lett å gjette kor gamle nokon er.
– Det er veldig utfordrande og det er jo også litt morosamt. Ein kan prøve å gjette sjølv før ein spør, også tenkjer ein: Å ja, det var såpass bom.
Nedover i saka kan du gjette kor gamle nokre folk er baserte på eit bilete. Kor mange rette får du?
Skjegg er ikkje «leg»
Fleire av pola i landet merkar at det dei siste par åra har vore ein oppgang i talet på unge kundar som ikkje har med seg rett type legitimasjon.
I fjor vart over 15.000 kundar avviste på grunn av alder, nesten 27 prosent fleire enn i 2021. Mange vart avviste fordi dei ikkje hadde gyldig legitimasjon.
For det er ikkje nok å berre gjette seg fram til kor gammal nokon er.
Butikksjef Skjold seier at dei har ein intern regel på at alle som ser ut som om dei kanskje er under 25 år må vise legitimasjon.
Korleis reagerer du viss nokon spør deg om legitimasjon?
Så lenge du er under 25 år, skal du eigentleg vise leg utan å få beskjed om det.
Foto: Ellen Johanne Jarli / VinmonopoletAdministrerande direktør i Vinmonopolet, Elisabeth Hunter, ber alle under 25 år til å vise legitimasjon.
– Dette gjer at vi enklare kan forhindre sal til mindreårige. Hugs at du framleis kan bli spurt om å vise legitimasjon om du er eldre – trass i skjeggvekst og kva kler du har på deg, seier Hunter.
Det er blitt vanskelegare med tida å sjå om unge vaksne er gamle nok eller ikkje, ifølge Eva Fossum på Coop Extra Moholt.
Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRKNokon blir fornærma
Butikksjefen på Extra Moholt, Eva Fossum, støtter det Skjold seier.
– Det er veldig vanskeleg. No ser mange av dei unge mykje eldre ut, fordi dei er sminka og skal sjå eldre ut enn dei er.
– Korleis er reaksjonane når de «leggar» folk?
– Nokre av dei yngre blir litt fornærma, medan dei som er over 25 stort sett berre blir glade.
Skjold i Vinmonopolet seier at det går litt begge vegar.
– Det er klart at det er enkelte som nærmar seg 30 som blir litt lei av å bli spurde. Då seier vi som regel at dei skal ta det som eit kompliment, du har ungdommen med deg.
Og om det skulle vere tvil om kor gammal (eventuelt kor ung du er), så er dette det som blir rekna som gyldig legitimasjon hos Vinmonopolet:
- Førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
- Bankkort med bilete
- Pass
- Nasjonalt ID-KORT
- Forsvarets ID-KORT
- Utlendingspass
- Reisebevis for flyktningar
Kor enkelt er det eigentleg å gjette alderen på folk? Me har testa alderskunnskapen til fleire NRK-tilsette. Er du betre enn dei?