Tala kjem fram i eit arbeid frå Miljødirektoratet.
– Tala syner at tiltaka for å førebygge tap har fungert, og at færre stader i landet no har rovviltskadar, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet på direktoratet si eiga nettside.
Sauetap halvert på ti år
Talet på sau som blir drepne på beite var i 2007 40 000 dyr. Ti år seinare er det godt under 18 000 sau som stryk med ute i den norske naturen, fordi dei blir tekne av rovdyr, ut i frå kva som blir dokumentert.
Årsaka er at det er færre rovdyr, og at tiltaka for redusere konflikten mellom rovdyr og beitedyr har funget.
– Områdetilpassa forvaltning fungerer, seier Hambro.
Jakt og felling skjer der beitenæringa har fortrinnsrett i naturen, mens næringa i aukande grad har tilpassa seg forvaltingssonane for rovvilt.
2017 eit ulveår
Storsamfunnet driv detaljert kontroll med rovdyr. Her frå ulvemerking i Hedmark i januar i fjor.
Foto: Per Magnussen / NRKMange erstatningssaker i fjor gjekk til husdyreigarar som fekk ulv i beitedyrflokkane, og særleg gjaldt dette Oppland og Akershus. Meir enn 800 erstatningstilfelle gjekk tilbake på ei ulvetispe som heldt til i områda rundt Hadeland og Toten og over mot Hurdal i store delar av beitesesongen.
Totalt vart det utbetalt erstatning for nesten 1900 ulvetapte sau og lam i fjor.1100 skjedd i dei to nemnte fylka.
Jerven framleis ei drapsmaskin
Jern er framleis det rovdyret som gjer mest skade. Om lag 6700 sau og lam vart erstatta som tapt for jerv, her var det ein liten auke frå 2016, da 6000 vart tatt. Jervetap har auka spesielt i Sør-Trøndelag.
Erstatningar i prosent etter tap frå ulike rovdyr i 2017.
Foto: MiljødirektoratetTil saman blei det utbetalt 46,3 millionar kroner i erstatning for sau og lam tapt på beite i fjor.
Samstundes blir det kvart år brukt mellom 50 og 70 millionar kroner på å motarbeide konfliktsituasjonar mellom rovdyr og beitedyr.
Dette er pengar som går til gjerding, flytting av sau, tidleg nedsanking og utsett slepp på utmarksbeite.