Hopp til innhold

Slik blir årets fadderveker

Faddergrupper på maks 20 personar, namnelister for smittesporing, digitale opplegg og færre hybelfestar. Det er ingen tvil om at faddervekene i år blir annleis.

Fadderveke ved Høgskulen i Volda 2019

ANNLEIS FADDERVEKE: Det blir færre konsertar og opningsseremoniar i årets fadderveker, der mykje vil skje digitalt. Biletet er frå Høgskulen i Volda.

Foto: Tone Solhaug / HVO

På måndag startar faddervekene mange stader. Høgskular og universitet over heile landet er klare for å ta imot nye studentar. Rekordmange 108.000 har fått tilbod om studieplass denne hausten. Men i år blir fadderveka annleis.

Den pågåande pandemien set ein tydeleg dempar på det som skulle ha vore årets festlegaste veke, men fadderstyrene ved landets høgskular og universitet har klart å finne kreative løysingar for faddervekene.

Kontrasten er kanskje størst på Vestlandet. Studentar i Bergen blir oppfordra til å ikkje arrangere hybelfestar, medan dei i Sogndal får entre dansegolvet i år også.

Slik blir faddervekene 2020

– Den beste tida i livet ditt

Førsteårsstudentane ved NTNU gleder seg til faddervekene er i gong.

– Ein får jo høyre at fadderveka er den beste tida i livet ditt, seier Thomas Philip Fagerli, som skal studere ved NTNU i Trondheim.

Han er spent på korleis fadderveka blir med koronatiltak.

– Vi har høyrt fleire skrekkhistorier om fæle ting ein må gjere i fadderveka. Kanskje vi slepp det i år, seier Ina Drage Steen og ler.

Førsteårsstudentar ved NTNU

FØRSTEÅRSSTUDENTAR: Thomas Philip Fagerli, Ina Drage Steen og Hannah Lovise Storesletten Sødal skal alle starte ved NTNU i Trondheim. – Når vi er færre i kvar gruppe, er det lettare å bli kjende med kvarandre, seier Hannah Lovise.

Foto: Synne Dyrhaug / NRK

– Det blir annleis i år, men eg trur det blir bra. Når vi er færre i kvar gruppe er det lettare å bli kjende med kvarandre, seier Hannah Lovise Storesletten Sødal.

Studiestadane har ulike planar for korleis faddervekene blir.

NTNU i Trondheim: Hybel-til-hybel i faddergruppene

Fasaden til NTNU Gløshaugen i Trondheim

NTNU: Det blir hybel-til-hybel i staden for pub-til-pub, og Studentersamfundet blir delt inn i soner under årets fadderveke i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ved NTNU i Trondheim blir det digital opningsseremoni. Vanlegvis samlar dei 8000 studentar på plenen utanfor Gløshaugen.

– Det blir fadderveke i år også, men det blir annleis, fastslår kommunikasjonsrådgjevar Anne Sliper Midling.

Ein skal vere maks 20 deltakarar på uformelle arrangement. Aktivitetar med faddergruppene blir rekna som uformelle. Det blir obligatoriske smittevernkurs for studentane.

Sliper Midling meiner det er viktig at studentane møter opp i fadderveka.

– Det kan bli ein tung studiestart dersom ein sit aleine på hybelen sin, seier ho.

NTNU vil ha hybel-til-hybel i staden for pub-til-pub, og Studentersamfundet blir delt inn i ulike soner som gjer at linjeforeiningane kan møtast kvar for seg.

– Essensen i hybel-til-hybel-opplegget er å mingle på tvers av faddergrupper. På grunn av pandemien blir det berre hybelvandring innanfor faddergruppene. På den måten får vi behalde eit tradisjonelt og populært arrangement, seier Andrea Moksnes i Erudio, linjeforeininga for lektorutdanninga på Dragvoll.

Julie Tetlimo

SMÅ GRUPPER: Leiar for fadderutvalet på Dragvoll, Julie Tetlimo, legg vekt på at nye studentar må halde seg til si eiga faddergruppe i år.

Foto: Privat

– I år har vi fokus på at ein held saman i faddergruppene, seier leiar for fadderutvalet ved NTNU Dragvoll, Julie Tetlimo til NRK.

Ho meiner alkohol er ei utfordring – det kan gjere det lett å miste kontrollen over smittevernet.

– Vi oppfordrar studentane til å tenke kreativt og ikkje ha arrangement med mykje alkohol.

Fredag avgjorde myndigheitene at det blir forbod mot alkoholservering etter midnatt.

Alle store arrangement ved NTNU er i år avlyst. Det har tidlegare vore vanleg at Dragvoll leiger Studentersamfundet ein heil kveld, men det gjer dei ikkje i år.

OsloMet: Digital stand-up

Studiestart ved OsloMet 2018

OSLOMET: OsloMet satsar hovudsakleg på digitale arrangement i årets fadderveke.

Foto: Benjamin A. Ward

OsloMet satsar på digitale arrangement i fadderveka. Dei skal mellom anna ha direktesendt stand-up med komikar Hasse Hoppe.

Fadderstyret skal ta med seg fadrane og dei nye studentane opp til Sognsvann. Der har dei eit større område å boltre seg på, og det blir lettare å overhalde smittevernreglane.

– Vi er veldig spente og gleder oss til å ta i mot studentane. Vi skal jobbe hardt for å gje dei ein så god studiestart som mogleg, fastslår Simen Blankenborg Berge, fadderkoordinator ved OsloMet.

Universitetet i Bergen: Anbefaler ikkje hybelfestar

Fadderstyret på SV-fakultetet (det samfunnsvitenskapelige fakultet) ved Universitetet i Bergen

PLANLEGGING: Fadderstyret på det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen planlegg årets fadderveke.

Foto: Fredrik Øksnes

Ved Universitetet i Bergen blir det digital opningsseremoni og smittevernopplæring for fadrane.

Fadrane oppfordrar studentane til å ikkje samlast på hybelfestar. I staden for vil dei ha alkoholreduserte arrangement. UiB har opna for å ta i bruk kollokvierom i staden for hyblar, men etter regjeringa si pressekonferanse fredag blei det endringar.

– Studentane kan bruke lokala våre fram til midnatt, men dei kan ikkje nyte alkohol der, seier Oddrun Samdal ved Universitetet i Bergen.

– Dette synest vi er trist. Vi vil ha alkoholreduserte, men ikkje nødvendigvis alkoholfrie arrangement, seier Fredrik Øksnes ved det samfunnsvitskaplege fakultetet, og legg til:

– Vi veit at mange kollektiv er små, og at det kan bli vanskeleg å halde einmetersregelen der. Vår største frykt i år er at studentar blir smitta. Det er viktig at vi har kontroll på kvar studentane er og kven dei har vore saman med. Slik kan vi enkelt spore smitte.

Høgskulen på Vestlandet – Sogndal: Konsertar med færre i publikum

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

HVL: Studentane ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, kan få med seg konsertar i årets fadderveke også.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Ved Høgskulen på Vestlandet avd. Sogndal skal dei arrangere konsertar og temafestar på studenthuset Meieriet. Dette vil skje med mindre publikum enn tidlegare og dei vil prøve å sikre at alle held éin meter avstand.

– Det blir seld 175 billettar til kvar konsert, og alle skal bli registrerte med namn slik at dei enkelt kan kontaktast dersom nokon blir smitta, seier styreleiar ved Studenthuset Meieriet, Mari Ingeborg Bjor Hognestad.

Til toaletta og barane blir det merka opp med klistremerker som viser éin meters avstand. Fleire inngangar til konserthuset blir tatt i bruk, slik at det ikkje oppstår lange køar.

Dei har vore i dialog med kommunelegen for å sikre seg at arrangementa er forsvarlege.

– Sogndal er ein mindre studiestad, så her kan vi samle ein større del av studentane utan å bryte smittevernreglane, seier Bjor Hognestad.

Høgskulen i Volda: To fadderveker

Rebusløp i fadderveka ved Høgskulen i Volda 2017

REBUSLØP: Det tradisjonelle rebusløpet i fadderveka ved Høgskulen i Volda vil bli arrangert som normalt, men det blir ikkje konsertar på Studenthuset Rokken. Dette er eit gammalt bilete.

Foto: Jonas Been Henriksen / HVO

Ved Høgskulen i Volda planlegg dei å arrangere to fadderveker. Ei ved studiestart og ei når det blir lettare å arrangere større konsertar.

– Den veka vi vil arrangere seinare, blir i kjend faddervekestil med konsertar og andre arrangement på Rokken – studenthuset i Volda. Vi håpar på å få til ei slik veke i september eller oktober, seier faddersjef Helena Rognstad optimistisk.

I den første fadderveka blir det utearrangement, og fadrane får ansvar for å halde smittevernreglane på hybelfestar. Det er fleire fadrar i år slik at dei kan dele opp faddergruppene ytterlegare for at hybelfestane skal bli forsvarlege.

– Fadderstyret har handla inn store mengder handdesinfeksjon som blir gitt til kvar faddergruppe og kvar nye student.

Nord Universitet: Namnelister for smittesporing

Nord universitet

NORD UNIVERSITET: – Hybelfestane er vår største frykt i fadderveka, for der kan vi ikkje ha kontroll, seier fadderansvarleg Kristine Berg.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Ved Nord Universitet i Bodø blir det arrangement for 200 personar innandørs med bordservering. Det blir påmelding med fullt namn for alle, slik at dei skal klare å spore opp om nokon blir smitta.

Dei har i år laga «Fadderleikane 2020» som består av aktivitetar som kombinerer digitalt og fysisk oppmøte.

– Hybelfestane er vår største frykt i fadderveka, for der kan vi ikkje ha kontroll. Vi er i kontakt med politiet slik at dei kan stoppe festar med fleire enn 20 personar, seier fadderansvarleg Kristine Berg.

FHI er bekymra for smitteauke

Folkehelseinstituttet (FHI) har tidlegare sagt til NRK at dei er bekymra for ei smitteoppblomstring under studiestart. FHI-overlege Preben Aavitsland uttalte då at han var uroleg for at smitten aukar når studentane skal bli kjende med kvarandre.

– Faddervekene er prega av festing med mykje alkohol. Vi fryktar såkalla massesmittehendingar og superspreiarar, seier Tone Bruun i FHI.

Ho oppfordrar studentane til å ta det roleg, avgrense alkoholinntak og følgje smittevernråda frå helsemyndigheitene.

– Det kan vere hyggeleg å bli kjend med kvarandre utan alkohol innanbords. Dei som er ansvarlege for fadderarrangementa må legge opp til ei fadderveke som er både hyggeleg og smittevernfagleg forsvarleg.