Grete Dyb (Foto: NRK)
Det går fram av ei psykiatrisk undersøking som har kartlagt posttraumatisk stress etter den påståtte overgrepssaka i Bjugn.
- Også barnas foreldre hadde symptom på posttraumatisk stress-syndrom, fortel psykiater Grete Dyb som er forskar ved Kunnskap om vold og traumatisk stress ved Universitet i Oslo. Det er ho som har gjennomført undersøkinga.
- Det som overraska oss var kor prega foreldra og til dels barna var av hendingane så lang tid etterpå, sier ho.
Tidleg på 1990-talet blei det påstått at 61 barn i Bjugn var utsett for seksuelle overgrep i barnehagen i bygda.
Ein mann blei tiltalt i saka og fleire blei sikta. Ingen blei nokon gong dømt. 32 av dei involverte barna var med i undersøkinga.
Barna prega i lang tid
Halvparten av barna var prega av posttraumatisk stressyndrom fire år etter at saka var ferdig i rettssystemet.
Halvparten av dei undersøkte barna viste at dei framleis hadde bilete og minne om hendinga som var var ubehagelege. Barna ville også unngå å snakke om, eller bli minna på det som hadde skjedd.
- I tillegg var barna irritable, og viste sinne, fortviling og nedsett konsentrasjon. Dette gjorde det vanskeleg for barna på skulen. Det gjorde også at dei ytte mindre enn det dei kunne ha gjort, seier Dyb.
Foreldra fekk helseplager
Også barna sine foreldre var sterkt prega av saka fleire år etterpå, ofte med helseplager.
- Vi såg at av dei 40 foreldra eg snakka med, hadde 16 av dei hatt kortare eller lengre sjukefråver knytta til belastninga i saka. Vi såg også at desse stressymptoma var knytta til angst og depresjonssymptom, seier forskar Grete Dyb.
Ny kvardag
Halvparten av familiane som er med i undersøkinginga om Bjugn-saka har flytta frå bygda.
Dei aller fleste har fått endra kvardagen sin. Dei har skifta vennar, mange har også skifta jobb på grunn av den belastninga Bjugn-saka førte med seg.