Sex-festen til hallikdømte Tom Ketil Krogstad blir no etterforska av politiet.
Tom Ketil Krogstad blei torsdag avhøyrd av politiet i Trondheim. Den tidlegare Club4-sjefen tok sjølv kontakt med politiet.
Bakgrunnen er skuldingar frå kommunaldirektør Tor Åm om at ein psykisk sjuk og narkoman kvinne deltok då Krogstad nyleg arrangerte gruppesex i Trondheim.
Politiet sjekkar saka
Trondheim kommune fryktar at ei narkoman kvinne, med store psykiske problem, var hovudpersonen då Tom Ketil Krogstad arrangerte gruppesex-fest for snart fjorten dagar sidan.
No er politiet i Trondheim i full gang med å etterforske sex-festen der 16 menn og ei kvinne deltok.
- Eg lovar at vi skal ta tak i saka, så får vi sjå kva vi finn ut. Om opplysingane stemmer, så er dette alvorleg og fullstendig uakseptabelt, seier påtaleansvarleg ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Harald Moholt, til Adresseavisen.
Massevaldtekt
Bakgrunnen for politietterforskinga er at tilsette ved ein rusinstitusjon i Trondheim har slått alarm til kommunaldirektør Tor Åm.
Dei tilsette meiner ein av klientane på institusjonen har blitt utsett for ei massevaldtekt.
Kvinna, som kan ha vore hovudpersonen på sex-festen, er avhengig av det kommunale hjelpeapparatet, fortel tilsette til Adresseavisen.
Dagen etter Krogstads arrangement kom ho sjølv til eit butilbod. Dei tilsette tolka og observerte kvinnas framferd og tilstand, og meiner at ho har blitt valdtatt av dei 16 mennene som deltok på gruppesex-arrangementet.
Krogstad nektar
Kommunaldirektør Tor Åm har vurdert å melde saka til politiet, men har ikkje gjort det på grunn av kommunen si teieplikt.
Men politiet vil på eige initiativ etterforske saka, på bakgrunn av opplysingar og mistanke om at det har skjedd noko straffbart.
Tom Ketil Krogstad avviser påstandane om at ei psykisk sjuk og narkoman kvinne var hovudpersonen på sex-festen i Trondheim.
- Eg føler meg krenka på det grovaste av politiet og offentleg tilsette. Påstandane som er komme fram er uriktige og eg har aldri utnytta, tvunge, misbrukt, valdtatt eller på nokon måte hatt eit negativt kvinnesyn, skriv Krogstad i ei pressemelding.