Hopp til innhold

Etter 76 mil på sparkesykkelen er Ole Henry endeleg framme i Bergen

Etter to veker med vekslande vêr har 19-åringen Ole Henry Snildalsi kommen seg frå Trondheim til Bergen – på sparkesykkel.

Ole Henry Snildalsli

Etter to veker på vegen er Ole Henry lukkeleg over å endeleg vere framme i Bergen. Han fortel at det ikkje blir noko fleire langturar i næraste framtid.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Eg klara ikkje å skjønne at eg har vore på sparkesykkelen i to veker!

For to veker sida starta Ole Henry Snildalsli frå Trondheim på noko mange tenkte ville vere umogleg. Han ville sparkesykle frå heimbyen sin til Bergen – ein tur på 76 mil. I dag kom han endeleg fram.

– No må eg nok gå litt rundt i sentrum for å skjønne at eg har kommen fram, seier Snildalsli.

Verdt all smerten

Med telt, sovepose, klede og mat i sekken har Snildalsli sparka på sparkesykkelen sin langs vegen. Sjølv meiner han at han ikkje er noko treningskar med særleg kondis.

– Det verste med turen er den tunge sekken. Og alle oppoverbakkane! Eg er ganske stolt over meg sjølv no.

Lykka var stor når han skjønte at målet var innan rekkevidde. Sjå reaksjonen hans då han endeleg nådde Bergen kommune i filmen under.

– Trass i all smerten har det vore verdt det. Eg har møtt så utruleg mange fine folk, seier 19-åringen.

Snildalsli var førebudd på to veker i telt, men har i løpet av turen treft mange som ville tilby han husrom – alt frå baksetet på bilen, til ein lugar på ferja. Det beste han hugsar er ei dame han møtte på Gammelsetra camping, utanfor Eidsvåg.

– Campingen var stengt, men eg fekk sove i baksetet i bilen hennar. I tillegg fekk er reker til middag. Etterpå har ho ringt meg fleire gonger, også har ho ordna fleire overnattingar til meg, seier Snildalsli.

Ole Henry Snildalsli

På denne sparkesykkelen reiste Ole Henry heile vegen frå Trondheim til Bergen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Sparkesyklar for Kreftforeningen

I februar samla Snildalsli og resten av russen inn pengar for Kreftforeningen – og då bestemte han seg for å sparkesykle ein meter for kvar krone han samla inn. Dette har han fått positive reaksjonar på.

– I går fekk eg sove i ein lugar på ferja, og då var det ein som jobba på båten som fortalde at han nettopp hadde mista ei god barndomsvenninne til kreft. Derfor syns han det var veldig fint å kunne hjelpe meg med soveplass.

– Han sa at ho sikkert sit og ser ned på meg med eit stort smil om munnen. Det er sterke ord, seier Snildalsli.

No er han overlukkeleg for å endeleg vere framme i Bergen. Der skal han nyte nokre dagar med familien før dei køyrer heim att.

– Eg skal ikkje sparkesykle ein meter til når eg kjem fram, seier 19-åringen og ler.