Hopp til innhold

Etter 2015 må du byggje passivhus

I 2015 må alle nye hus vere passivhus. Det vil seie hus som er så godt isolert at sjølv eit stearinlys og matlaging gjer sitt for å halde på varmen.

Nordens største pasivhusprosjekt

Nordens største passivhusprosjekt i Trondheim er halvvegs.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Regjeringa er tydeleg på det punktet.

liv signe navarsete arendalsuka

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vil satse på passivhus.

Foto: Siv Sandvik / AUF

– Satsing på energieffektive passivhus er eit viktig miljøtiltak. I 2015 blir energikrava til bygg skjerpa til passivhusnivå. Då er det avgjerande med god kunnskap om korleis slike bygg verkar i praksis. Her er vi godt i gang med å skaffe oss erfaringar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ikkje tatt laus

Korleis er stoda? Vi spør ein forskar, ein entreprenør, ein huseigar og ein rådgjevar.

Vi startar i Miljøbyen Granåsen i Trondheim eller som det står i reklamen, «Nordens største passivhusprosjekt.» Og store prosjekt må truleg til i og med regjeringa sine mål for 2015. Dei slår sjølv fast at det førebels er bygd få passivhus.

Miljøbyen Granåsen i Trondheim

Miljøbyen Granåsen i Trondheim skal bestå av 320 bueiningar.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Går framover

Ein fersk rapport frå SINTEF Byggforsk seier det same. På dei ti åra som har gått med passivhus på dagsorden, er det ikkje bygd så mange av dei, enno.

Tørre tal seier at i alt er 1 000 husvære bygd eller planlagt som passivhus. Det gjeld nybygg og oppgradering av eksisterande.

Tor Helge Dokka er seniorforskar på SINTEF byggforsk. Han er og har vore aktiv med å få passivhus inn i norsk kvardag. I ti år har han halde på.

Han meiner det går framover og at det faktisk har gått ganske fort.

– Kvaliteten i bygga har vorte betre. Det har blitt meir kvalitetssikring og betre planlegging, seier han.

Bygginga krev meir

Presisjon og planlegging er dei store utfordringane. Passivhus blir bygd med eksisterande teknologi, men byggebransjen treng kunnskap og erfaring.

– Her i landet er det tradisjon å ta problema etter kvart. For passivhus må ein tenke seg meir om før ein starter.

– Kanskje ei utfordring i eit land med mange små verksemder?

– Ja, men dei kan vere fleksible og snu fort. Fagmiljøa må hauste erfaring og byggje kunnskap om det, seier Dokka som sjølv har vore tømrar og byggmeister.

Han har og vore med å laga den nyaste rapporten om røynsler om passivhus frå SINTEF byggforsk. Her skriv dei mellom anna om prosjektet Miljøbyen Granåsen i Trondheim.

«Ein føresetnad for å få til å bygge på passivhusnivå var at rådgjevarane og handverkarane fekk opplæring».

(Artikkelen held fram under bildet)

Illustrasjon passivhus

Eit passivhus kan sjå slik ut

Foto: Heimdal bygg

Lite erfaring

Dei hadde med andre ord lite erfaring. Den har dei i større grad no. Ein anna effekt av at entreprenørane har fått litt tid på seg, er at det dukkar opp nye produkt som gjer prosjektet enklare.Til dømes isolasjon med same effekt som gamal, men som ikkje treng like breie veggar.

– Det er dynamikken når vi får i gang fleire prosjekt og volumet aukar, seier seniorrådgjevar i Enova, Tore Wigenstad.

Det er Enova som støtter passivhusprosjekt og anna miljøeffektive tiltak i Norge.

– Gjennom store utbyggingar vekst kompetansen og vi får fleire og betre byggematerialar, seier han.

Velkommen til nr 16

Litt dyrare var det, men Hilde Stølen Haugan meier dei har fått mykje for pengane.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Dyrare å byggje

Eit passivhusprosjekt krev fersk kunnskap og fagkunne og det er dyrare å byggje enn andre hus, men ikkje så mykje som ein trudde. I rapportar frå 2011 reknar ein med 1 200 kroner meir for kvar kvadratmeter. No er tala revidert til 450 kroner til 800 kroner meir.

Så kan ein spørje om kor mange år som trengst for å tene inn meirkostnaden.

I prosjektrapporten Smart bygging, ein masteroppgåve frå Eksperter i team ved NTNU i Trondheim frå 2011, skriv dei at dei kan spare meir enn 25 000 kroner kvart år om ein byggjer passivhus framfor eit vanleg husvære på 200 kvadratmeter. Då reknar dei ut ifrå ein straumpris inkludert nettleige og avgifter på ei krone for kvar kilowatt time.

Andre rapportar viser at dei er på sporet. Det er kanskje ikkje så overraskande. Oppgåva byggjer på fleire granskingar andre forskarar står bak.

Vanskeleg å rekne ut

Men det er klårt at energibruken er høgst ulik sjølv i like hus, alt etter korleis dei som bur der har valt å leve og korleis kvar leilegheit ligg i bustadkomplekset eller i høve til vær og vind.

I kriteria for kva som krevjast av eit passivhus kan vi lese at energibruken til oppvarming i eit vanleg hus i Oslo-klima er 80 kilowattimar for kvar kvadratmeter på eit år. Eit passivhus skal klare seg med 15 kilowattimar for kvar kvadratmeter.

For eit vanleg hus på 200 kvadratmeter og ein straumpris med nettleige og avgifter på ei krone kilowattimen, snakkar vi om 16 000 kroner i året til oppvarming mot 3 000 kroner i eit passivhus. Straum til anna enn oppvarming er ikkje med her.

Hilde Stølen Haugan trives her

– Det er godt å kome heim til eit varmt hus der luft og temperatur kjennast god, seier Hilde Stølen Haugan.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Fungerer fint

Hilde Stølen Haugan bur i ein av passivhusa på Granåsen i Trondheim. Ho har budd der i snart eit år. Bustaden er på 200 kvadratmeter på tre plan. Vaskerom, kjellarstove, trimrom og teknisk sentral i kjellaren, fire soverom i første og stove og kjøkken i andre. Dei er fem i familien.

– Prosjektet miljøbyen var fengjande som reklame. Det verka som å vere noko for framtida, seier ho.

Bustaden er ny, ljos og stille. Ein tilleggsverknad av ekstra isolasjon i veggar, golv og tak, superisolerande vindauge og ingen luftlekkasjar, er god lydisolasjon.

Fukt og helse

– Men det har kome opp innvendingar mot tette hus i forhold til fuktproblem og dårlig luft. At det rett og slett kan vere skadeleg for helsa?

– Eg kjenner til det, men vi opplever ikkje dette som noko problem. Kvaliteten på lufta er god, lufta er frisk, temperaturen er jamn, det ikkje dogg dusjen, vi treng ikkje lufte, det er ikkje ras av kaldluft frå dører og vindauge, og fuktproblema her vi ikkje sett noko til, seier ho.

Frå forskarhald vert dette bekrefta.

– Det er mindre fuktproblem i passivhus enn i andre hus, seier seniorforskar ved Byggforsk, Tor Helge Dokka.

– Men det er klårt at innestengt fukt er eit problem i eit tett hus framfor eit vanleg?

– Ja, men passivhus krev ein robust og fagleg god byggeskikk der ein ikkje byggjer inn fukt.

– Alt blir kontrollert før vi tettar, seier prosjektleiar for Miljøbyen Granåsen, Kristian Stensrud.

– Og vi byggjer under telt, eller plasttak, slik at været ikkje blir eit problem.

– Kva så med dårleg inneklima og alt for varmt om sumaren?

– Ingen ting tyder på at dette er eit særskilt problem for passivhus. Det er og ei myte, seier Dokka.

Den ferskaste sintefrapporten skriv at studiar frå utlandet syner at konsentrasjon av muggsopp er lågare i passivhus enn i konvensjonelle bygg.

– Det er rapportar om is på vindauga på kalde dagar?

– Ja det hender. Med godt isolerte vindauge kan det bli kaldt på utsida slik at is dannast der, seier Dokka.

Her skal det være tett og tørt

Her skal det vere tett og tørt

Foto: Heimdal bygg

– Godt nøgd

Hilde Stølen Haugan angrar ikkje på kjøpet.

– Huset treng mindre oppvarming enn det gamle huset. Det er berre ein radiator i kvar etasje. Huset held på varmen slik at ein kvar som er her, eit kvart talglys, all aktivitet, matlaging, leik, alt lagar varme.

– For mykje?

– Det hender vi luftar ut ja.

Men i teorien skal vifteanlegget syte for frisk luft til riktig temperatur, utnytte varmen frå brukt luft. Alt i kontrollerte former.

– Vi treng berre å skifte luftfilter.

Og teknologien er stillbar. I alle høve for dei med eit snev av teknisk interesse.

Teknisk rom ligg i kjellaren og her det lyd av motorar. Den lyden finst og i vifteanlegget oppunder taklet i dei andre romma, men knapt hørbart.

– Eigentleg skal det vere lydlaust i opphaldsromma, men det er det ikkje, seier ho.

Hilde Stølen Haugan

Hilde Stølen Haugan går god for luftkvalitet og temperatur. – Huset er tett, men det dannar seg ikkje damp etter dusjing ein gong.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Ikkje dyrare enn trekkfulle hus

Passivhus er kome for å bli. I 2015 ska alt nytt byggjast som passivhus og planane for det dei norske hus elles, er at rehabiliteringar av gamle hus skal få dei opp mot passivhusstandard. Energi skal sparast. Og hus skal få energimerking, noko som kan bli avgjerande for verdien av husa.

Dette skal vere motiverande. Men likevel går salet litt tregt. Så langt er havparten på Granåsen selt. Det er Nordens største prosjekt og kan gje eit bilete av korleis landet ligg. 28 000 kvadratmeter og 320 husvære er nøkkeltala her.

Salet starta i 2010 og det første spadestikket vart tatt i februar 2011.

– Folk viste ikkje kva passivhus er. Alt for få veit om det no og, seier prosjektleiar Kristian Stensrud i Heimdal Bolig A/S.

Han kan fortelje at salet går normalt og han trur at det kjem til å auke.

– Eg skjønar ikkje kvifor folk kjøper trekkfulle hus frå 1900 talet til same pris som dei kunne få eit passivhus for. Her er alt i tipp topp stand og ingen ting må rehabiliterast.

Teknisk sentral

Huset har eit teknisk skap. her skal det skiftast filter når datamaskina seier frå om det, elles er skal det gå av seg sjølv.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Fagfolka fekk kurs

Heimdal Bolig ville tilby energieffektive hus. Men marknaden var og er kan hende, ikkje heilt moden for slikt enno. Kanskje ikkje mange nok av entreprenørane heller.

Dei som skulle sette opp granåsenprosjektet vart sendt på kurs i samarbeid med SINTEF byggforsk. Handverkarane fakk prøve seg i laboratoriet.

– Og det utvikla seg bra. Vi kontrollerer jo alt, ikkje minst tettinga, seier Stensrud.

For å få til dette gjev Enova støtte på 450 kroner for kvar kvadratmeter.

– I starten var det langt dyrare, oppimot 3 000 kroner meir enn på byggje tradisjonelt, men det var berre i starten, seier Stensrud.