Eit år sidan skulane stengde: – Eg har blitt meir einsam

Barna som trenger ekstra oppfølging på skulen var blant dei som tapte mest då regjeringa stengde skulane for eit år sidan, viser ny rapport.

Julie Fjeldengen.

LEKSETID: Julie Fjeldengen liker best å få undervisning på skulen, men heimelekser må også til.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Været er overskya, kaldt og grått utanfor det kvite nye trehuset til familien Fjeldengen i Sarpsborg.

I den varme gangen møter vi ein smilande og lågmælt tenåring. Julie gler seg til å dele historia om korleis ho hadde det då skulen stengde.

Til dagleg er Julie ein glad og optimistisk ungdom, men som for mange andre har pandemien gjort kvardagen meir krevjande.

I starten svarar Julie lågt og kort på spørsmåla frå NRK. Ho leiter etter orda.

Så tar ho fram diktet ho har skrive, som gjer det lettare å sette ord på kjenslene.

Julie byrjar å lese med høg og klar stemme:

– Eg er så lei av dette viruset. Eg har blitt meir einsam.

Julie Fjeldengens dikt.

DIKT: Julie skriv godt. Tilfeldigvis er det mor som har reinskrive dette diktet for ho denne gongen

Foto: Ingvild Edvardsen / NRK

– Eit dårlegare tilbod enn dei skulle hatt

Barn med behov for ekstra oppfølging på skulen, var blant dei som tapte mest då skulane stengde i fjor vår. Det viser ein rapport NTNU har laga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

– Vi ser at mange av disse barna ikkje har fått det tilbodet dei faktisk trenger for å få ein god nok skolekvardag, seier forskingssjef Joakim Caspersen.

– Dei har i større grad enn andre blitt overlatne til seg sjølv og fått eit dårlegare tilbod enn dei burde hatt, legger han til.

forskingssjef på avdelinga for mangfald og inkludering ved NTNU. Joakim Caspersen

FORSTERKAR FORSKJELLAR: Joakim Caspersen, er forskingssjef på avdeling for mangfald og inkludering ved NTNU. Han meiner koronapandemien forsterkar dei eksisterande forskjellane mellom elevane på norske skular.

Foto: Morten Andersen / NRK

Fleire fekk ikkje oppfølging

Caspersen peiker også på at omgrepet sårbare barn ofte vart definert for smalt.

Julie Fjeldengen var blant mindretalet som fekk vere på skulen nokre timar kvar dag under skulestenginga, men dette var med ein assistent.

Så mange som to av ti elevar med behov for tilrettelegging vart sende heim utan oppfølging då skulane stengde. Rundt fem av ti måtte følgje digital heimeundervisning, viser rapporten til NTNU.


Undervisningsutstyret og dei som jobba med å følgje opp dei sårbare elevane vart ofte bundne til bestemte trinn på grunn av smittevernreglar, fortel Caspersen.

– Skulane kunne ikkje bruke dei få ressursane dei har på tvers av trinna som normalt, seier forskingssjefen.

Julie Fjeldengen

DIGITAL UNDERVISNING: Julie Fjeldengen og mora gjer lekser på nettbrett på kjøkkenet heime i Sarpsborg.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Spesialpedagogikk gjennom ein skjerm

NRK har valt å ikkje bruke namnet på skulen til Julie Fjeldengen i denne saka.

Skulen fortel at dei prøvde å gjere det beste ut av situasjonen under nedstenginga og at det er vanskeleg å måle nøyaktig kor mykje spesialundervisning som gjekk tapt.

– Dei største avvika frå vedtaka gjaldt organiseringa av undervisninga, seier skulen.

Dei fleste elevane deira fekk ifølgje skulen timane dei har rett på under nedstenginga. Også dei som treng spesialundervisning og assistent. Men barna vart for det meste undervist gjennom ei datamaskin.

– I de fleste tilfelle måtte spesialpedagogane følgje opp elevane sine digitalt, medan dei fekk støtte av foreldre heime eller assistent på skolen under tilsynsordninga, seier skulen.

Melby: Vil ikkje stenge skulane igjen

Kunnskapsminister Guri Melby (V) meiner det er mogleg å forsvare valet om å stenge skular og barnehagar i fjor vår, om ein ser på kva kunnskap regjeringa sat på då dei gjorde det.

Det siste året har regjeringa fått fleire rapportar om stenginga av skular og barnehagar.

– Vi bør unngå å gjere det same igjen, seier Guri Melby.

Kunnskapsministeren ser på det som si hovudoppgåve å halde skular og barnehagar opne gjennom resten av pandemien.

– Det er det viktigaste vi kan gjere for alle barn, men ikkje minst for dei barna med spesielle behov. Det er mykje vanskelegare å nå ut til dei med målretta tilbod om skulane og barnehagane er stengde, seier Melby.

Guri Melby

VIL HALDE SKULANE OPNE: Kunnskapsminister Guri Melby frå Venstre meiner det er svært viktig å halde skulane opne.

Foto: NRK

Gler seg spesielt til ein ting

Tilbake på kjøkkenet til familien Fjeldengen i Sarpsborg. Julie viser fram eit digitalt prosjekt ho har laga om Irak-krigen på nettbrettet sitt.

I dag jobbar ho med eit tankekart om Hamsun-romanen «Victoria» til ein munnleg prøve i norsk. Elisabeth Fjeldengen har hjelpt dottera med leksene så godt ho kan det siste året. Medan Julie jobbar med tankekartet, fortel mora kva dottera tapte på skulestenginga.

Ho fortel at dottera mista litt over 100 spesialpedagogiske timar i vår. Undervisning som Julie er heilt avhengig av for å lære det ho skal.

– Utan det har ho ingen sjanse til å følge med, seier Elisabeth Fjeldengen.

Skulestenginga skapte eit større skilje mellom klassekameratane og Julie, som ho framleis jobbar for å ta igjen, fortel mora.

– Skulemessig ligg ho mykje tilbake i forhold til det ho kunne ha gjort.

Julie tar med seg skulesekken sin ut i gata for eit siste bilde. Vi spør ho kva ho skal gjere når kvardagen blir heilt normal igjen.

– Eg gler meg til å overnatte med bestevenninna mi, svarar Julie.

Julie Fjeldengen

HÅP: Julie Fjeldengen gler seg til å klemme vener sine og overnatte med besteveninna igjen. Ho håper kvardagen blir normal igjen til sommaren.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 26.09.2021
4 361
Smittede siste 7 dager
96
Innlagte
850
Døde
4 123 472
Vaksinerte