Erlend (10) har gått Noreg på langs

Erlend Eid (10) og pappa Terje har gått nesten ein maratondistanse kvar dag i sommar. No drøymer tiåringen om å gå Canada på tvers.

Erlend Eid (10) har gått Noreg på langs

SPREK: Erlend Eid (10) har gått Noreg på langs i løpet av dei to siste somrane. Her er han ved Efjorden i Narvik på turen no i sommar.

Foto: Privat

– Eg er ikkje lei av å gå. Kanskje litt, sa Erlend Eid (10) då han hadde 13 km igjen til Nordkapp.

Når NRK ringer han etter målet er nådd er han minst like positiv.

– Det har vore ei heilt fantastisk oppleving, seier både son og far.

Noreg på langs i to etappar

I fjor sommar starta dei på Noregs geografiske midtpunkt, Ogndal i Steinkjer, og gjekk sørover til Lindesnes. I år starta dei også i Steinkjer, men gjekk nordover – heile vegen til Nordkapp.

– Vi måtte dele turen i to. Å gå Noreg på langs tar vanlegvis tre til fire månader, så vi har gått ei enorm etappe både i fjor og i år, seier pappa Terje Eid.

Familien frå Skaun har alltid vore turinteressert. Siste del av etappen til Nordkapp gjekk dei saman med storesøster Vilde (15) og mamma Kristin. Dei hadde med seg ei hyggeleg overrasking til dei spreke karane.

Terje og Erlend Eid

NORDKAPP-PLATÅET: Erlend (10) og pappa Terje nådde målet om å gå Noreg på langs torsdag morgon.

Foto: Privat

– Vi fekk brownies og flagg, fortel Erlend ivrig.

Begge synest det var godt, men også litt rart å endeleg nå målet. No ventar den lange køyreturen heim til Skaun i Trøndelag, og det synest dei nesten er verre enn å gå.

Fem gonger Mount Everest

Erlend og Terje har nyleg lagt bak seg 148 mil fordelt på 44 dagar. Det tilsvarar 34 kilometer kvar dag. I fjor gjekk dei 112 mil sørover – frå midten av Noreg til Lindesnes.

Dei har rekna seg fram til at turane til saman tilsvarar fem gonger verdas høgaste fjell, Mount Everest (8 848 moh.) målt i høgdemeter.

Terje og Erlend Eid på Nordkapp

ENDELEG FRAMME: – Vi har gått dei siste kilometrane med flagg, fortel Terje.

Foto: Privat

Dei siste 14 dagane har dei gått i snitt fire mil. Nesten ein maratondistanse dagleg.

– Eg er imponert over Erlend. Først og fremst over humøret og pågangsmotet hans, seier pappa Terje.

– Hatten av

Frode Støre Bergrem

IMPONERT: – Det er berre å gratulere, hatten av! seier Frode Støre Bergrem i Trondhjems Turistforening.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Det er berre å gratulere, hatten av! Det er ein utruleg prestasjon av ein tiåring, seier Frode Støre Bergrem.

Han er leiar i Trondhjems Turistforening, ein del av Den Norske Turistforening (DNT).

Sjølv vil Bergrem understreke at tur ikkje treng å vere prestasjon, men at det viktigaste er fine opplevingar. Han synest det høyrest ut som om Erlend og faren har hatt det veldig fint saman på tur.

– Ein slik tur er på ingen måte noko alle kan prøve seg på. Det er veldig imponerande, seier han.

Angrar annakvar time

Både Erlend og faren Terje vedgår at det var vanskeleg å halde motivasjonen oppe heile turen.

Har de angra og vurdert å gje opp?

– Ja, det gjer ein jo annakvar time. Men når vi legg oss for å sove i teltet om kvelden er det gløymt, seier Terje.

Dette trur Bergrem i TT mange kan kjenne seg igjen i.

– Ein set ofte mest pris på opplevinga etter at ein har greidd det, seier han.

Erlend Eid (10) har gått Noreg på langs

TOMMEL OPP: Erlend (10) held motet oppe på tur. Han og faren fortel at det beste med turen har vore alle opplevingane.

Foto: Privat

Gjekk inn i bobla

Far fortel at det undervegs på turen er han som har gitt mest uttrykk for å vere lei av å gå.

– Dersom Erlend er lei går han inn i bobla si, fortel pappa Terje.

Kva betyr det, Erlend?

– Det betyr at eg går inn i tankane mine og snakkar med meg sjølv for å bli meir motivert, forklarer Erlend.

Drøymer om Canada på tvers

Sjølv om duoen no har fullført den enorme bragda å gå Noreg på langs, har dei ikkje planar om å legge fjellskoa på hylla med det første.

Erlend (10) på tur

TUNG SEKK: Med sekken full av mat, klede, primus, sovepose og telt vart det litt tyngre sekkar på årets tur, som var den lengste etappen.

Foto: Privat

Draumeturen min er Canada på tvers, seier Erlend.

Så du vil følgje i Lars Monsen sine fotspor bokstaveleg talt?

– Ja! seier Erlend kjapt.