NRK Meny
Normal

Erik Hamrén: - Eg er høgaktuell

Erik Hamrén ønskjer å bli landslagsjef i Sverige, men har ikkje fått noko konkret tilbod.

Erik Hamrén
Foto: Juliet Landrø / NRK

Det fortalte han eit fullsett pressekorps på Lerkendal stadion tirsdag føremiddag.

- Møtet i går blei litt meir formelt enn det var planlagt. Eg har ikkje fått tilbod om nokon jobb og har ikkje takka ja til nokon jobb. Men eg fekk eit spørsmål om eg var interessert i jobben og det svarte eg ja på, seier Hamren på pressekonferansen.

Drøymejobb

Erik Hamrén er veldig stolt over å representerer og trene Rosenborg. Det understreka han på pressekonferansen, men forklarte også journalistane at han er svensk og at ein jobb som landslagstrenar i heimlandet heng høgt.

– Alle fotballinteresserte i alle land drøymer om å spele for landet sitt. Det er for seint for meg å bli spelar. For meg er det å bli svensk forbundskaptein det største, sa Hamrén.

Han er smigra over at Rosenborg vil at eg skal bli.

– Dei har gitt meg ein sigar her på treninga i dag, og eg ser veldig positivt på at dei vil at eg skal vere her. Om det blir noko meir, så skal det vere kontakt mellom det svenske forbundet og Rosenborg.

Spekulasjonar

Etter at rosenborgtrenar Erik Hamrén og den svenske fotballpresidenten møttes på Værnes utanfor Trondheim i går ettermiddag var spekulasjonane mange.

På dagens pressekonferanse held Hamrén fast på at han er trenar for Rosenborg, men at han er svært smigra av tilbodet frå Sverige.

- Eg held meg til kontraka min, det er det som gjeld. Om det skal bli ei endring blir det ei sak mellom det svenske fotballforbundet og Rosenborg, sa Hamrén.

Rosenborgspelarane har blitt råda til å ikkje uttale seg om saka.

RBK opprørte

I Rosenborg-leiren fryktar leiinga at dei skal miste nok ein trenar. Åge Hareide forlet brått RBK for å bli norsk landslagssjef etter 2003-sesongen.

Klubben har reagert kraftig på svenskane sin framgangsmåte i saka, og vil gjere alt de kan for at Hamrén skal trene laget også neste sesong.

- Eg syns det er utruleg respektlaust overfor Rosenborg å tru at han kan komme hit og gjere det han vil med vår trenar, uttalte sportsleg leiar i Rosenborg, Erik Hoftun, til NRK om Lars Åke Lagrells besøk i Trondheim.

Hamrén viktig brikke

Ifølgje Hoftun har Erik Hamrén ikkje gjort noko galt. Han understrekar at det er veldig viktig for Rosenborg at suksesstrenaren blir i klubben og ikkje forsvinn.

– Vi har ein vond historie bak oss då det sjedde sist. Ein trenar er byggmeisteren i eit lag, mens spelarar kjem og går. Vi har eit ønske i RBK om kontinuitet. Då vi signerte med Hamrén var det ein del av ein langsiktig plan, seier Hoftun.

Han legg til at Erik Hamrén er veldig ønska i klubben.

- Vi har ingen plan B, vår plan er stadig vekk å forlenge med Erik Hamrén. Han er utruleg ønska i heile Rosenborg, sa Hoftun på pressekonferansen.

Debatt: Hvem bør bli ny trener?