Hopp til innhold

Har analysert kosttilskot frå havet: Sunt, eller giftig?

Kvart år analyserer Bente Merete Nilsen ti ulike trantypar og andre oljer frå havet. Målet er at vi nordmenn ikkje skal få i oss noko som er giftig.

En skje tran

MILJØGIFTER: Havforskningsinstituttet har dei siste 15 åra analysert tran og andre kosttilskot frå havet på oppdrag frå Mattilsynet.

Foto: NRK

Tran og andre marine oljer har mange fordelar ved seg: Dei skal blant anna bidra til sunn hjerne og sunt hjarte, og vere rike på vitamin som styrkjer immunforsvaret.

Men kosttilskot kan også ha høge nivå av miljøgifter som slett ikkje er bra for oss. Miljøgifter som både kan auke risikoen for kreft og påverke fruktbarheita.

Grundige analysar

Ein av dei i Noreg som veit mest om dette, er Bente Merete Nilsen. Ho er forskar i Havforskningsinstituttet.

Kvart år dei siste 15 åra har ho gått i butikken og kjøpt minst 10 ulike trantypar og andre marine oljer. Nokre i flytande form, nokre i kapslar. Nokre frå apotek, daglegvarebutikkar og helsekostbutikkar, nokre frå nettbutikkar.

Deretter har ho og kollegaer ved Havforskningsinstituttet gjort grundige analysar for å finne ut om desse kosttilskota skjuler giftige stoff.

Havforskningsinstituttet analyserer mye forskjellig, blant annet tran og andre marine oljer. Her står en kvinne i en labfrakk ved noen maskiner.

Havforskningsinstituttet i Bergen har analysert ei rekkje typar oljer. Fleire torskeoljer, som kanskje er dei vanlegaste å ta blant nordmenn, men også lakseoljer, sildoljer, seloljer, krilloljer, ansjos- og sardinoljer og så vidare.

Foto: Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet

– Både Noreg og EU har fastsett øvre grenseverdiar for miljøgifter. Viss ei olje overskrid grenseverdiane, vil Mattilsynet få produsentane til å trekkje produktet frå marknaden, seier Nilsen.

Tungmetall oppfattar ikkje ekspertane som eit problem i marine oljer overhovudet. Det er nivåa av såkalla organiske miljøgifter dei er bekymra for i tran og andre marine oljer; dioksin og dioksinliknande PCB.

Store variasjonar

Berre ni av dei over 170 oljene som er analysert dei siste 15 åra, har vorte fjerna frå marknaden fordi dei overskreid grenseverdiane. I den ferskaste rapporten frå Nilsen og Havforskningsinstituttet, som vert publisert tysdag denne veka, er alle under grensa.

2022-analysen

Grenseverdi for organiske miljøgifter (dioksin og dioksinlignande PCB) i marine oljer i Noreg er 4,0

Produkt

Sum

Berit Tran uten transmak

0.99

Biopharma Norsk naturell tran

0.61

Sport Tran

0.6

Nani Alaska vildlaks omega 3

0.37

ESKIO-3 Pure omega-3

0.39

Farmateket Familie Omega

0.37

Life Omega-3 70%

0.36

Möller’s Pharma Høykonsentrert Omega-3 Hjerne

0.66

Farmateket Selolje flytende

1.9

Ruis Omega-3 selolje

2.3

Ekspander/minimer faktaboks

Men Nilsen seier det ikkje er heilt rett fram av den grunn.

Det ho har erfart dei siste åra, er at det er store forskjellar i kor mykje av miljøgiftene det er frå olje til olje – og frå produsent til produsent.

– Det er veldig store variasjonar, seier ho.

– Det er ikkje rett fram å orientere seg som forbrukar, supplerer seniorforskar i Folkehelseinstituttet, Helle Katrine Knutsen.

Kapsler med kosttilskudd laget av marin olje. Flere kapsler ligger strødd på et lyseblått bord.

Ekspertane seier det ikkje er enkelt å orientere seg i landskapet av kosttilskot.

Foto: Unsplash

Havmusolje skil seg ut

Knutsen påpeikar at maksgrensa for kva produsentane kan omsetje, ikkje er det same som tolegrensa for kroppane våre.

Samtidig seier ho at analysane frå Havforskningsinstituttet er ei svært viktig rettesnor:

– Folk som ynskjer å ta kosttilskot, bør velje produsentar som har låg mengde miljøgifter og prosessframkalla forureining.

Heller ikkje forskar Bente Merete Nilsen synst det er lett å gi eit kort svar på kva olje du bør velje.

– 100 prosent trygge kan vi ikkje vere. Vi finn jo ein gong i blant marine oljer på marknaden med altfor høge nivå, seier ho.

Bente Merete Nilsen, forsker ved Havforskningsinstituttet.

Bente Merete Nilsen er forskar ved seksjon for framand- og smittestoff i Havforskningsinstituttet.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Nokre råd har ho til deg:

– Fleire av oljene med dei høgaste verdiane, er framstilt av havmuslever, seier Nilsen.

Tidlegare vart havmusa fiska på grunn av den store levra, som var ypparleg til teknisk olje. Seinare har den vorte meir og meir nytta i blant anna sminke og kosttilskot.

– Desse produkta finn eg stort sett på nett, seier Nilsen.

Les også Forskere advarer: Svært lite tyder på at vitamintilskudd har effekt

Les også Debatten om vitamin D og covid-19 fortsetter: Nye studier viser klare sammenhenger

– Ikkje bra å ta ein slurk ekstra

I tillegg har analysane vist at kaldpressa oljer har ein tendens til å ha høgare nivå enn andre typar.

– Produkta er nokre gonger merka som «extra virgin». Andre gonger som «kaldpressa», «naturell» eller «handcrafted».

Men det finst unntak, noko som gjer det heile enda meir komplisert.

– Sjølv om mange produkt som har overskride grenseverdiane var kaldpressa, har vi undersøkt også fleire kaldpressa oljer som ikkje gjorde det, understrekar ho.

Noko anna Nilsen ber deg notere deg, er at dei store, velkjente, norske produsentane av tran og anna marin olje, har gode rutinar for reinsing før produkta hamnar i butikkhylla.

– Det har analysane dei siste åra vist, seier ho.

Også Knutsen frå FHI har eit råd.

– Dei som tar tran, bør halde seg til mengdene som er anbefalt på produktet. Det er ikkje bra å ta ein slurk ekstra, seier ho.

Ikkje berre på grunn av miljøgifter, men også fordi du risikerer å få i deg for mykje vitamin A og vitamin D.

Helle Katrine Knutsen er seniorforsker i Folkehelseinstituttet og medlem i Vitenskapskomiteen for mat og miljø. Hun leder en av faggruppene der. Dette er et portrettbilde av henne, hun står foran en grå vegg.

Helle Katrine Knutsen jobbar i Folkehelseinstituttet og leder faggruppa for forureining, naturlege toksin og medisinrestar i Vitenskapskomiteen for mat og miljø.

Foto: FHI

Manglar risikovurdering

I tillegg til jobben i FHI, er Knutsen medlem i Vitenskapskomiteen for mat og miljø. Ho leiar ei av faggruppene deira.

Tidlegare i år kom Vitenskapskomiteen med ein rapport som slo fast at nordmenn bør ete meir fisk, sjølv om det betyr at mengda miljøgifter vi får i oss då overstig grenseverdiane frå EU. Helsefordelane er større enn ulempene, fastslår dei.

Dei har ikkje gjort tilsvarande nytte-/risikovurdering av kosttilskot laga av fisk og anna vi finn i havet.

Ifølgje Knutsen er det ikkje utenkeleg at dei snart skal gjere same analyse av marine oljer.

– Det kan kanskje bli eit av temaa i tida som kjem, seier Knutsen.

Les også Apotekene tvinges til å selge homøopatimedisiner. Det vil de ikke lenger.

Homøopatiske piller tømmes ut fra et brunt glass over i ei åpen hånd.