Hopp til innhold

Enorm vekst i oppdrettsnæringa

Ungdom strømmar til jobbane i oppdrettsnæringa. Flatangerselskapet AQS har hatt opp mot 500 søkarar til nye jobbar dei har lyst ut så langt i år.

Avlusing i Flatanger

AQS held til i Flatanger, og er eit selskap som veks veldig. Mellom anna driv denne båten med avlusing av laks.

Foto: Kjartan Trana / NRK

AQS i Lauvsnes

Fleire entreprenørar, mellom dei AQS i Lauvsnes, rettar seg mot oppdrettsnæringa.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Oppdrett er i ferd med å ta over som ny offshoreindustri, og jobbane i næringa er svært populære blant ungdom på kysten.

Det merkar det flatangerbaserte selskapet AQS godt.

Selskapet driv med servicearbeid retta mot oppdrettsanlegg, til dømes vasking av nøter, fortøyning av oppdrettsanlegg, reparasjonar og avlusing av laks.

– Artig å vere med på utviklinga

I år har dei tilsett ei rekke nye medarbeidarar. No har dei meir enn femti personar på lønningslista, og det er dimensjonar over det som blir skapt på Lauvsnes.

Når 2015 er omme, vil AQS truleg ha 80 mann i arbeid, for oppdrettsnæringa er sulten på profesjonell hjelp.

Bekjemping av lakselus har ført til ein stor del av veksten til selskapet.

Ørjan Iversen (22) er ein av dei mange som har starta hos AQS dei siste åra, og han er glad for å ha fått seg fast jobb i eit selskap som stadig veks.

Ørjan Iversen

Ørjan Iversen, ein av dei mange som har kome til AQS dei siste åra.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Det er artig å få vere med på dette. For to år sidan, da eg begynte, var det berre 25 personar her. No er vi dobbelt så mange, og vel så det. Det er artig å vere med på utviklinga innan oppdrettsbransjen, seier han.

– Vi rekrutterer mange unge frå lokalmiljøet, men òg mange frå resten av Trøndelag og faktisk heile landet, seier Ove Løfsnes, som er dagleg leiar i AQS.

– Vi ser at dette er ein veg som veldig mange ønsker å gå.

Spesialbygd avlusingsbåt

AQS satser stort

AQS satsar stort, og har heile kysten som nedslagsfelt.

Foto: Kjartan Trana / NRK
Ove Løfsnes

Ove Løfsnes er dagleg leiar i AQS.

Foto: Kjartan Trana / NRK

AQS veks for kvar månad som går, og dei har oppdrag frå Haugesund til lengst nord i Finnmark.

Dei har mellom anna ein båt med spesialutstyr for avlusing med hydrogenperoksid. Den vart utstyrt for slike oppdrag i 2012, og behovet for avlusing vart større og større i løpet av åra som kom.

Båten er 36 meter lang, og det er svært sjeldan han ligg ved kai heime i Flatanger. Dei som arbeider på båten er ein månad på og ein månad av.

Men sjølv om AQS veks på lusekrisa, håpar også dei at parasitten er på veg vekk frå dei trønderske oppdrettsanlegg, no når lusekrigen blir ført på eit meir profesjonalisert nivå.

– Vi ser allereie at toppen er nådd når det gjeld avlusing, og at ein i større grad brukar metodar som brakklegging og rensefisk, seier Ove Løfsnes. Han er budd på at arbeidsmengden dei har hatt med avlusing, fort kan avta i åra som kjem. Men han er ikkje redd for at dei skal bli arbeidslause.

– Vi trur det er nye arbeidsoppgaver for oss.