Hopp til innhold

Endeleg blir det samisk barnehage i Trondheim

1. august opnar Trondheim si første, einaste samiske barnehageavdeling. Men med tanke på at byen reknast under sørsamisk område, meiner varaordføreren at det er på tide.

Ferista friluftsbarnehage opnar samisk avdeling

Nikolai (f.v.), Anna, Olava og Ella har denne veka feira Tråante i barnehagen, og alle synast det er skikkeleg kult at det skal komme ei samisk barnehageavdeling.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Vi har vanskeligheiter med å lage eit samisk språkmiljø her i Trondheim. Så det å ha ein samisk barnehage, med samisk språk, trur eg gjer all forskjellen. Så eg håpa det blir bra.

Samiske Johan Berg Pettersen har dottera Ella og sonen Jovna i Ferista friluftsbarnehage, og sjølv pratar han berre samisk med borna.

Johan Berg Pettersen, nordsamisk pappa i Ferista friluftsbarnehage

Johan Berg Pettersen har sendt inn søknad om å få sonen Jovna overført til den samiske barnehageavdelinga.

Foto: Helene Solheim / NRK

Den nye avdelinga vil ha samisktalande assistentar, og dermed er det ikkje lenger berre Pettersen som snakkar til dei på samisk.

Styrar Hilde Nordskag Lysklett forklarar at den samiske avdelinga er eit prøveprosjekt som skal gå over to år, og ho gler seg til å komme skikkeleg i gong. I første omgang blir det plass til 15 born frå null til fem år.

– Vi synast det er spennande og lærerikt, og vi synast det er på tide at det starta opp eit samisk barnehagetilbod i Trondheim.

Treigare enn andre storbyar

Blant anna Oslo, Bodø og Tromsø ligg år i førevegen når det kjem til det samiske tilbodet, og dette synast Lysklett er for dårleg. Også Pettersen meiner Trondheim burde vore tidlegare ute.

– Det har vel blitt meir og meir tydeleg i det siste at Trondheim faktisk er ein del at det sørsamiske området, seier han.

Det er snart 50 år sidan den første samiske barnehagen vart starta i Norge. Varaordførar Hilde Opoku er ein av dei som har kjempa for eit slikt tilbod i Trondheim, og er veldig glad det endeleg kjem på plass.

Hilde Opoku, varaordførar i Trondheim (MDG)

Varaordførar i Trondheim, Hilde Opoku.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Det er eit ansvar vi i kommunen skulle tatt, og eg meina at vi som kommune må beklage for at vi ikkje har sett og tatt det ansvaret tidlegare, seier Opoku.

No er Pettersen glad for at det endeleg kjem eit samisk barnehagetilbod, og minstemannen Jovna skal få starte i den nye avdelinga. Ella skal starte på skulen til hausten, og går derfor glipp av tilbodet, men ho har likevel prøvd seg på litt samisk i barnehagen:

Kan dykk noko på samisk?

Barnehageungane samlar seg på leikeplassen, og fortel at Ella har lært dei å telje til ti på samisk.

– Okta, guokte, golvma, njeallje, vihtta, guhtta, čieža, gávcci, ovcci, logi, seier alle i kor.

Samisk skilt i Ferista friluftsbarnehage

! august skal den samiske avdelinga opne, men skiltet på gapahuken står allereie på både norsk og samisk.

Foto: Privat / Ferista Friluftsbarnehage

Avhengig av søkarar

Den nye avdelinga opnar 1. august, og derfor har Ferista utlyst to stillingar.

– Vi er på utkikk etter både sør- og nordsamisktalande som kan jobbe i barnehagen, fortel Lysklett.

Hilde Nordskag Lysklett, styrar i Ferista Friluftsbarnehage

Hilde Nordskag Lysklett meiner det er på høg tid med eit samisk barnehagetilbod.

Foto: Helene Solheim / NRK

Under Tråante-feiringa står dei tilsette i barnehagen i Trondheim sentrum for å informere om det nye barnehagetilbodet. Sentrum bognar av lavvo, joik og kofter, og Lysklett håpar på å nå fram til småbarnsfamiliar.

– Vi er avhengig av at det kjem søknadar frå familiar som vil ha borna sine i den samiske avdelinga, og vi er avhengig av at folk søker på dei utlyste stillingane, seier ho.