NRK Meny
Normal

Endeleg klart for scenen

Det tok tolv år å få sett opp Johan Bojers bok Den siste viking på Trøndelag Teater.

Den siste viking
Foto: G.T. Nergård

Sjå video: Den siste viking

Økonomi og plassmangel har fleire gonger sett ein stoppar for planen om å sette opp Den siste viking på teateret, men no er det endeleg klart for premiere på storverket.

Hovudscenen på Trøndelag Teater er gjort om til eit bølgande hav og scenegolvet er ikkje lenger flatt. Frå taket heng det masse tau og i kulissane ventar ein heil gjeng skodespelarar med sydvestar.

Den siste viking er ei honør til kystfolket i fattig-Noreg. Det er også ein honør til kvinnene som hadde eineansvar for barn, hus og grunn. Men det er også ei forteljing om kjærleik, lengsel, vennskap, hjelpsemd og medkjensle.

Historisk scenografi

Det er første gong Trøndelag Teater nyttar ein så brei scenografi. Alle krokar av det 160 kvadratmeter store teatergolvet er tatt i bruk for å få vist både lofotfiske og ferda mot lofotfiske.

Skodespelarane håper dei greier å gi publikum lukta av salt hav og sjøsprøyt på framsyningane.

- Vi kan ikkje ha noko naturalistisk her, så vi må finne eit eige teaterspråk på det. Så lenge vi trur på det, trur eg også publikum vil tru på det, seier Trond-Ove Skrødal, som har rollen som Kristaver Myran, til NRK Trøndelag.

Blir veldig stilig 

Den siste viking

Marja og Kristaver

Foto: G.T. Nergård

 Marianne Meløy spelar kona til Kristoffer Myran, Marja Myran. Ho syns scenografien er sprek og lovar publikum ei veldig stilig og bra framsyning.

- Eg har aldri spelt så breidt før og er veldig glad i å sjå dei scenane eg ikkje sjølv deltek på, så dette blir stilig, seier Meløy.

I alt førti skodespelarar skal i sving på scenen samstundes, men Skrødal fryktar ikkje ein kollisjon mellom skodespelarane.

- Nei, det er god koreografi, så det blir berre tøft, ler han.

Lang prosess mot målet

Regissør Terje Mærli har jobba med stykket Den siste viking i mange år. Han hadde som må å få sett opp stykket alt i 1997, men det har latt vente på seg.

- Den gongen var eg sjef, og hadde tenkt å sette det opp som ei prøveframsyning på det nye teateret. No er det like før premieren og vi har fått gjennom det vi hadde tenkt, seier Mærli.

Den siste viking har premiere på Hovudscenen 25. januar 2008. 

Den siste viking
Foto: G.T. Nergård

Video fra Trøndelag

Håper å få åpnet elva i løpet av kvelden.
Slik gikk det med Mette Vollan i uværet.
Skiheisen i Vintervannskleiva åpen igjen.