Hopp til innhold

Elsykkelsalet tek av

– Salet går over all forventning, seier seljar ved XXL på Tiller i Trondheim, Arne Olav Dahlshaug.

Elsykkel

Flesteparten som kjøper elsyklar hos XXL på Tiller i Trondheim skal sykle til og frå jobb, fortel seljar Arne Olav Dahlshaug.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Elsykkelsalet har dobla seg kvart år sidan 2012.

Forsking viser at folk som kjøper elsykkel brukar den til å sykle til jobb, og ofte held dei fram med meir sykling enn dei sjølv hadde trudd.

– Nå du løftar på den er den tung, men den virkar ikkje tung i det heile teke, seier Maria Andersen, som er ute etter ein elsykkel med plass til to barn i ein kasse framfor styret i ein butikk i Oslo.

Ho likar tanken på å bruke elsykkel.

– Veldig morosamt, avsluttar ho.

Og det er samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) samd i.

– Første gang du syklar med elsykkel er det med ei yrande kjensle. Ein er van med at det tungt å kome i gang og du lurer på kvar kreftene til sykkelen kjem i frå, seier han.

Ministeren var onsdag på møte med bransjen for å gi sykling til jobben eit løft- altså sykling med elsykkel til jobb.

Salet over all forventning

Arne Olav Dahlshaug

Salet av elsyklar har gått over all forventning ved XXL på Tiller i Trondheim, fortel seljar Arne Olav Dahlshaug.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Og ved XXL på Tiller i Trondheim går salet over all forventning.

- I dei siste vekene har me seld 1-2 kvar dag. Det har vore stor interesse og etterspurnad, fortel seljar Arne Olav Dahlshaug ved XXL på Tiller i Trondheim.

Han seier mange går rundt og tenkjer på å kjøpe elsykkel.

– Akkurat no kan det hende me ikkje klarar å skaffe nok elsyklar. Det byrjar å bli tomt, så me får sjå kva som skjer.

Han trur mange kjem til å skaffe seg ein elsykkel utover våren.

– Mange har tenkt sidan i fjor sommar og har vore tidleg ute i år.

Og mange skal bruke elsykkelen til og frå jobb.

– Andre skal berre bruke den til ein søndagstur eller til butikken. Men flesteparten eg har seld sykkelen til er nok ute etter eit transportmiddel til jobb.

Lurt å byrje med jobbsykling

Hulda Trondstad i landsforeininga til syklistane meiner det er lurt å byrje med jobbsyklinga.

Onsdag samla sykkelbransjen, entusiastar og lobbyistar seg i Oslo for å snakke om framtida til elsykkelen

– Elsykkelen er det som kjem til å løyse transportutfordringane i byane, fordi me får bort bilane og fram sykkelen. Mange kvier seg for å ta med klesskifte, men med elsykkelen slepp du det. Og ikkje minst gir det ein liten treningseffekt, seier Tronstad.

Yte for å nyte

Sidan 2012 har salet av elsyklar dobla seg kvart år. Forskar Aslak Fyhri ved Transportøkonomisk institutt seier folk brukar den meir enn ein vanleg sykkel.

– Folk brukar den både til trening til seine møter. Elsykkel blir det mest naturlege å velje.

Han seier me då er tilbake i ei tid der sykkelen vart meir brukt.

– Me er tilbake til 60-talet , eller reist til eit heilt anna land som Nederland eller Danmark.

Men han er litt i tvil om me er heilt klare for eit elektrist dytt på sykkelsetet.

– Fordi me i Noreg har ein kultur der me må yte for å nyte. Folk tenkjer på dette som latskap.

Momsfritak på elsykkel

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner salsoppgangen på elsyklar viser at det ikkje er behov for statleg hjelp til finansiering.

Foto: NRK

Fleire har etterlyst momsfritak på elsykkelen. På lik linje med fritaket til elbilar, men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner salsoppgangen viser at det ikkje er behov for statleg hjelp.

– Det er viktig å lage trygge sykkelvegar og gjere det lettare for syklistar å kome seg fram. No er det elbilen som får avgiftsletta, sjølv om mange av oss skulle ha sett at elsykkelen fekk det same. Grunnen til det er at elsykkelen ikkje er så dyr som elbilen og kostnadane tek ein lett inn igjen på det ein sparar på å la bilen stå.