Hopp til innhold

Elgjakt med paintball

På Fosen vil dei skyte elg med paintball.

Vil jakte elg med paintball
Foto: Løchen, Per / SCANPIX

Målet er å merke plagsame elgar med ein liten malingsflekk, slik at dei kan sjå kven som er gjengangarar i bustadfelt.

Det er representantar for utmarksrådet i Bjugn og Ørland som vil bruke paintball, som er eit luftgevær med små malingskuler, til å merke den plagsamme elgen.

- Vi ønskjer å sjå om elgen har ein malingsflekk med den fargen vi har skote med. Har den det, vil vil vi avlive den som eit problemdyr i bustadfeltet, seier leiar i utmarksområdet Knut Koteng til NRK Trøndelag.

Har søkt om løyve

Det var representantane for utmarksområdet som sjølve fann på ideen om å bruke malingskuler. Dei har ikkje høyrd om nokon som har gjort det tidlegare.

Utmarksområdet har ansvaret for å avlive elg som kjem for nært bustadområdet. Ved å nytte paintball ser dei mulegheita til å vite sikekrt at elgen er ei problemdyr, før dei tek livet av den.

Dei har no søkt Mattilsynet om løyve til å skyte paintballkuler på elgen. 

Lågare smerteterskel

Koteng er ikkje redd for at elgen vil få store smerter av paintballkulene. 

- Dyret vil nok kjenne det litt, men folk skyt jo på kvarandre og det er ikkje så vondt. Det er snakk om å treffe elgen langt bak og høgt oppe på kroppen. Dyr har ikkje same kjenslemønster som oss, seier Koteng.