NRK Meny
Normal

Elghufs skal gjere Petter betre

Fleire elghufs-intervall skal gjere Petter Northug og resten av den norske langrennseliten endå betre før sesongstarten.

Video Elghufsing er lanrennsguttas treningsmetode

Utover hausten blir det meir løping og mindre rulleskitrening for å få langrennsgutane i endå betre form.

Mandag var fleire av dei beste løparane samla i Meråker i Nord-Trøndelag for å trene på elghufs. Dette er ei treningsform der ein spring med lange skritt og kombinerer spenst med det å halde ut lengst muleg.

– Det blir ei veldig hard økt når vi er så mange gode løparar samla. Når vi også har med oss eit U23-lag blir det bra trøkk oppover bakkane og vi får ei god økt, seier Petter Northug til NRK.no.

Har studert dagbøker

Langrennsleiinga har den siste tida gått gjennom treningsdagbøker frå tidlegare år og dei viser at utøvarane sprang meir på 1990-talet enn dei gjer i dag.

– Langrennsporten har sjølvsagt utvikla seg, men vi trur meir løping vil vere eit middel på for å auke kapasiteten til utøvarane, seier landslagstrenar Morten Aa Djupvik til NRK.no.

Han meiner langrennsløparane har for liten kapasitet og at dei har meir å gå på enn det dei fekk vist i fjorårssesongen.

– Dei er sterke og har tildels god teknikk, men det aller viktigaste i langrennsporten er kapasitet. For å auke den, meiner vi at løp skal vere med å gi oss det nødvendige løftet, seier Djupvik.

(Artikkelen held fram under bildet)

Skilandslaget på trening i Meråker

Eldar Rønning (t.h) har stor tru på det nye treningsopplegget.

Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Frå poker til trening

Ein sommar med fotooppdrag i Monaco og poker VM i Las Vegas er over. No har Petter Northug fullt fokus på treninga.

For han er det spesielt artig å vise fram sin treningareana for resten av landslaget. Sjølv føler han at han har komme godt i gang med det nye treningsprogrammet.

– Eg har fått gjennomført litt meir løping på treninga i sommar og skal prøve å få gjort det utover hausten også. Men når det begynner å dra seg til mot sesongen, ønskjer eg å ha dei fleste av hardøktene med rulleski på beina, seier Northug.

Han trur det berre er små justeringar som skal til for at resten av landslaget også presterer i kommande sesong.

Trur på opplegget

Eldar Rønning har sprunge elghufs i Meråkerbakkane snart hundre gonger. Han er positiv til det nye treningsopplegget og meiner meir løping passer han midt i blinken.

– Eg er ein løpetype og syklar lite og i år har eg sprunge endå meir, så vi får sjå korleis det slår ut, seier Rønning.

Han får støtte frå Martin Johnsrud Sundby.

– Eg trur at meir løping gjer oss til sterkare løparar til vinteren. For min eigen del har eg måtte auke løpsmassen mykje og det kjennes bra ut. Gutane er knallsterke, så det verkar som dei har sprunge mykje seier Johnsrud Sundby.

Landslagssamling langrenn i Meråker

Knallhard treningsøkt opp bakken i Meråker.

Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Video fra Trøndelag

Lørdagens forestilling ved Kystens arv regnet nesten bort
Foto: Tom Modell Alte
Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal