Hopp til innhold

Elevar i ventekarantene på Frosta

Det er påvist smitte hos ein person som nyleg har utført servicearbeid ved ei bedrift i Frosta kommune. Personen er ikkje frå Trøndelag. Tilsette i bedrifta er sett i karantene. Testing og smittesporing blir utført, opplyser kommunen. Elevar og lærarar på 4.trinn ved Frosta skole er i ventekarantene før dei får testsvar.