Hopp til innhold

Elevar får ikkje handle i skuletida

Elevar ved Rosenborg skole i Trondheim får ikkje handle på Rema 1000 like ved skulen i skuletida, melder Adresseavisen. Dette er på grunn av den aukande smittetrenden. – Det blir for mange elevar samstundes i butikken når det er storefri, seier butikksjef Bjørnar Kusæther ved Rema 1000 på Rosenborg til avisa.