Hopp til innhold

Elev dømt for å ha snikfilma under kjolen til lærar

Ein 19 år gammal elev må betale 7200 kroner i bot etter å ha filma under kjolen til ein lærar. Lektorlaget meiner snikfilming er eit stort problem, som skulane ofte ikkje tek på alvor.

FILE PHOTO: The Snapchat app logo is seen on a smartphone in this illustration

TRE SEKUND LANG SNAP: Eleven sende filmen til 19 personar i russegruppa si.

Foto: Dado Ruvic / Reuters

Eleven bad læraren om orsaking same dagen. I retten sa han at han filma for å få kompisane til å flire. Han sende også snapen på 3 sekund til 19 personar.

Politiet gav eleven ei bot på 6000 kroner for å ha krenka ein annan etter § 266 i straffelova. Eleven nekta å betale bota og derfor gjekk saka til retten.

Retten: Betydeleg krenking av integriteten

Å filme mot skrittet til ein annan person, under kleda, utan løyve og spreie filmen er ei betydeleg krenking av integriteten, skriv Inntrøndelag tingrett i domen. Dette skjedde mens læraren var på jobb, i ein situasjon der ho har eit særleg behov for vern.

Det er uvisst om snapen vart spreidd vidare frå dei 19 som tok imot den. Men faren er til stades. Frykta for at filmen kan finnast på nettet gjer saka til ei større påkjenning for læraren meiner retten:

«Handlingen ligger langt utenfor det som normalt kan anses som akseptabelt. Etter rettens vurdering er handlingen derfor «hensynsløs adferd» i lovens forstand.»

Retten peikar på at utvising og nedsett karakter ikkje er ei juridisk straff.

Det finst ikkje liknande saker som har gått til retten, i følgje domen frå Inntrøndelag tingrett.

Klasserom

FILMA I KLASSEROMMET: Filminga skjedde i 2019 i ein time ved ein vidaregåande skule i Trøndelag. Minst 20 elevar var til stades. Tiltalte var då 18 år. I retten fortel han at læraren i fleire minutt stod med baken mot han mens ho hjelpte ein annan elev. (Illustrasjonfoto)

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg gjekk ganske langt ned i kjellaren

Læraren i 40-åra hadde forventa at skulen hadde politimeldt saka. Når det ikkje skjedde måtte ho gjere det sjølv.

– Det handlar om at eg må gå vidare for å bli heil igjen, som fagperson og som menneske. Filminga var krenkande og audmjukande. Eg gjekk ganske langt ned i kjellaren, sa læraren då saka var oppe i Inntrøndelag tingrett denne veka.

– Det som skjedde tok frå meg makt, integritet og autoritet i klasserommet.

Norsk lektorlag: Ein merkedag

Leiar i Norsk lektorlag, Rita Helgesen, seier i ei pressemelding at dette er ein merkedag for rettstryggleiken til lærarane.

Lektorlaget meinte skulen måtte politimelde filminga for å vise at slik framferd frå elevar ikkje kan godtakast.

Men også støtta til læraren er viktig, seier advokat Else Leona McClimans i lektorlaget til NRK.

– Vald, trugsmål eller trakassering i klasserommet er ikkje ei privatsak. Det er arbeidsgjevaren som har ansvar for at også lærarane har eit godt psykososialt miljø på jobben.Det å spreie film eller bilete av andre utan at dei har godkjent det, er også å bryte åndverkslova, seier McClimans.

Advokat Else Leona McClimans

STORT PROBLEM: Lektorlaget meiner snikfilming er eit stort problem, som skulane ofte ikkje tek på alvor, seier advokat Else Leona McClimans.

Foto: Bjørgulv Vinje Borgundvaag

Fylkeskommunen meiner skulen også stilte opp for læraren

Som skuleiegar vart Trøndelag fylkeskommune rådspurt av skulen kva dei skulle gjere då filminga vart oppdaga.

Assisterande fylkesrådmann Ole Tronstad seier til NRK at dei vurderte utvisning og nedsett karakter som ei passande straff for eleven.

– Det vil alltid vere ei skjønsmessig vurdering .Vi meiner vi stilte opp også for læraren, seier Tronstad.

– På kva måte?

– Ved at eleven fekk ein reaksjon.

Tronstad vil ikkje svare på om fylkeskommunen i ettertid ser at dei kan ha feilvurdert saka.

Advokat Arve Opdahl

FORSVARER: Arve Opdahl seier klienten er skuffet over domen.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Domen kan bli anka

Forsvarer Arve Opdahl seier til NRK at klienten er vonbroten og vurderer å anke domen.

– Han har jo trudd at han hadde fått ein reaksjon gjennom nedsett karakter og utvising. Han vart overraska over politimeldinga og at det ikkje var mogeleg å få løyst saka i konfliktrådet eller på annan måte slik at han ikkje fekk det på rullebladet, seier forsvararen.

Under rettssaka prosederte han på at filminga ikkje var krenkande og at ein såg «berre ei truse». Opdahl vil ikkje kommentere retten sitt syn før saka eventuelt kjem opp på nytt.

Retten har også avgjort at mobiltelefonen til tiltalte skal inndragast.

Inntrøndelag tingrett

VART DØMT: Å filme mot skrittet til ein annan person, under kleda, utan løyve og spreie filmen er ei betydeleg krenking av integriteten, skriv Inntrøndelag tingrett i domen.

Foto: Tariq Alisubh/NRK