Hopp til innhold

Elendig start for Levanger FK

Med tre strake tap og femten baklengsmål, har Levanger fotballklubb fått den verst tenkelege starten i 2. divisjon.

Levanger fotballklubb var Nord-Trøndelags beste lag ei stund, men no ligg dei heilt på botnen av tabellen.

Laurdag ventar Hødd på heimebane og trenar Ivar Selnæs gjer ingen store endringar på laget.

- Vi er offensive, går ut knallhardt mot Hødd og satsar på tre poeng. Prosessen vidare tek vi etter kampen mot Hødd, seier Selnæs til NRK Trøndelag.

Langt unna målsettinga

2-7, 0-4 og 1-4 gir null poeng på tabellen. Fasiten etter dei tre første kampane i år er langt unna Levangers målsetting.

Sjølv om trenaren understrekar at han slett ikkje er gripen av panikk, kunne han ynskt seg ein meir rutinert ellevar i jakta på poeng.

- Alle lag ynskjer seg ein litt meir garva spelar, kanskje ein i kvart ledd. Men det er eit ikkje-tema for marknaden seier oss at det er ikkje er så lett å få til, seier Selnæs. 

Fire trønderske kampar i dag

* Asker - Steinkjer klokka 1400
* Byåsen - Bærum klokka 1400
*Averøykameratene - Ranheim klokka 1600
* Levanger - Hødd klokka 1600

Nardo møter Stabæk2 og Strindheim møter Vålerenga2 mandag.