Hopp til innhold

Eldrebølge på norsk sokkel

Fleire tusen oljebrønnar skal pluggast igjen i åra som kjem, til ein kostnad på fleire hundre milliardar kroner, og det er eg og du som sit igjen med rekninga. Men ny teknologi kan krympe rekninga dramatisk.

Oseberg i Nordsjøen

Det kjem til å koste samfunnet fleire milliardar kroner å plugge alle brønnane i Nordsjøen.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Utanfor kysten av Noreg er det i dag omlag fire tusen hol. Dette er brønnar som er borra for å hente opp olje og gass. Øyvind Midtun i Petroleumstilsynet fortel at alle brønnane må tettast etter at dei er ferdig brukt.

– Når dei ikkje er i bruk lenger, så må dei stengast. Det er viktig, så ingenting kan lekke ut.

Rydde opp etter oljefesten

Karl Kristensen

–Norske politikarar overser problemstillinga totalt, seier Karl Kristensen i Bellona.

Foto: Bellona / Bellona

I dag er berre 100 brønnar stengt ned.

–Uansett så snakkar me om fleire tusen brønnar og kostnader på fleire hundre milliardar kroner, seier petroleumsrådgivar Karl Kristensen i Bellona.

Staten tek 78 prosent av inntektene frå oljeutviklinga, men dei må også ta 78 prosent av kostnadene for opprydding og tetting av gamle oljebrønnar. Prislappen kan kome opp i ein femtedel av Oljefondet.

– I verste fall kan ein betydeleg del av dette fondet gå med til ådekke kostnadene med å rydde opp etter oljefesten, som me no byrjar sjå avslutninga på, seier Kristensen.

Les også: – Bedriftene i oljebransjen er fortvilte

Stor jobb

– Det vil ta lang tid å plugge desse brønnane, men det vil skje gradvis, seier Martin Straume, som leiar arbeidet med å plugge gamle brønnar på sokkelen, i interesseorganisasjonen til oljebransjen, Norsk Olje og Gass.

Bellona er kritiske til korleis oljeselskapa ser på oppryddingsarbeidet, og meiner dei skyv det framfor seg.

– Mellombelse brønnar og det store talet på brønnar som skal pluggast i framtida høyrer til ein rekkje problemstillingar som oljeindustrien og styresmaktene dyttar framfor seg, seier Kristensen i Bellona.

Ny teknologi

Straume i Norsk Olje og Gass seier dette ikkje er ei bevisst handling, men seier dei treng ny og meir effektiv teknologi, dersom ikkje kostnadane skal råke skattebetalarane og norsk økonomi urimeleg hardt.

– Me er på jakt etter ny teknologi, som kan korte ned tida det tek å tette brønnane. Det er tida som er kostnadsdrivande.

Tal frå Oljedirektoratet viser at omlag to tusen brønnar no står for tur til å bli plugga igjen. Ein jobb som tek like lang tid som å borre brønnane. Bellona meiner norske politikarar i liten grad ser alvoret i situasjonen.

– Både miljømessig og kosdtnadsmessig risikerer me at me ser toppen av eit isfjell som kjem til å treffe oss med uventa hard kraft. Norske politikarar overser problemstillinga totalt, seier Karl Kristensen i Bellona.

Ikkje oversett problemet

Tina Bru er stortingsrepresentant for Høgre og sit i Energi-og miljøkomiteen. Ho meiner norske politikarar følgjer med på utfordringane på norsk sokkel.

– Eg er ikkje samd i at ein har oversett problemet. Me har eit av dei strengaste regelverka i verda for plugging av brønnar og det er ikkje berre sånn at me møter ei bølgje av brønnar som skal stengast ned. Samstundes er eg samd i at me har behov for ny teknologi som kan gjere det billigare å stenge ned brønnane, seier Bru.

Les også: Riksrevisjonen: – Lønnsom olje utvinnes ikke tidsnok