Hopp til innhold

Eldre treng pc-opplæring for å henge med

Mange eldre kvier seg for å ta i bruk pc og nettbrett. Da blir dei raskt hengande etter utviklinga, og det blir ekstra vanskeleg for dei å bruke bank og å kommunisere med slekt og vener.

Eldre henger med på pc og nettbrett

Nettbrett og pc kan vere viktige hjelpemiddel for dei eldre, mellom anna for å halde kontakt med familie og vener.

Foto: Jan Haas / NTB scanpix

Namdal seniorforum tar tak i dette og kurser dei vettskremte nybegynnarane.

Vil ikkje ha noko med pc'ar å gjere

– Det er veldig vanskeleg i dag å vere utan pc, seier Lisbeth Østgaard Rygg i Namdal seniorforum.

– Alt er elektronisk: Nettbank, digipost – og barnebarna vil «skype». Det kan bli vanskeleg om ein nektar å bruke datamaskin, seier ho.

For det finst framleis mange som aldri har slått på ein pc, og som helst ikkje vil ha noko med denne elektronikken å gjere.

Det viste seg da seniorforumet arrangerte kurs i fjor haust. Kurset handla om bruk av pc, nettbrett og smarttelefon, men mange av dei som kom, trudde dei skulle på begynnarkurs for pc.

– Kurset vårt vart rett og slett for avansert, seier Rygg.

Dei startar derfor nye kurs, som er for heilt ferske pc-brukarar.

Kvinner mest skeptiske

Erfaring frå tidlegare kurs viser at det i stor grad er kvinner som held seg unna datamaskina.

– Grunnen kan vere at dei har hatt ein jobb der dei ikkje trengte å bruke pc til dagleg, trur Lisbeth Østgaard Rygg.

Ei kjapp rundspørring i Namsos viser at ho kan ha rett.

– Eg brukar pc, for eg treng det til nettbank og kommunikasjon med slekt og venner. Eg har vore vant med å bruke pc i jobben, og eg trur det kan vere ein forskjell. Sjølsagt et eg redd for å trykke feil, men det går som regel bra, seier ei av dei NRK Trøndelag intervjua i Namsos.