Eksorsisttrailer tek av på nett

Folka bak dokumentarfilmen "Eksorsisten i det 21. århundre" var nøgde då dei hadde 700 klikk på nettsida si. No har 200 000 sett traileren deira på YouTube.

Eksorsisten i det 21. århundre

Den norskproduserte dokumentarfilmen 'Eksorsisten i det 21. århundre' har fått internasjonal merksemd allereie før den har blitt vist. – Me har blitt teke heilt på senga, eg må jo sei det, seier produsent Christian Falch.

Foto: Gammaglimt AS

– Me tykkjer jo det er heilt vanvittig. Det er merkeleg å sjå korleis visningstalet berre stig og stig, seier produsent Christian Falch til NRK.no.

For kort tid sidan publiserte det Orkdal-baserte filmselskapet Gammaglimt AS traileren til filmen "Eksorsisten i det 21. århundre" på dokumentarfilmen si nettside.

I løpet av det fyrste døgnet jubla dei for knappe 700 klikk, men det var før nokon andre la traileren ut på YouTube.

– Den blei snappa opp av Daily Mail i England og eit par viktige filmbloggarar. No har me sett traileren dubba på kinesisk, og i Kroatia har dei laga ein heilt eigen versjon med meir dramatisk musikk, fortel Falch.

Sjå filmtraileren her:

Stor internasjonal merksemd

Dokumentarfilmen fylgjer spanske José Antonio Fortea, ein Vatikan-godkjent eksorsist som jobbar som djevelutdrivar.

I filmen får ein eit sjeldant innsyn i den katolske presten sitt spesielle yrke, noko som har laga stor internasjonal oppsikt allereie før filmen i det heile teke har blitt vist.

– I går skreiv Huffington Post om den, og det er eit mellombels høgdepunkt for oss, seier Falch, som ikkje heilt veit korleis han skal reagere på all merksemda.

– Me har blitt teke heilt på senga, eg må jo sei det.

Var livvakt for eksorsisten

José Antonio Fortea

Eksorsisten José Antonio Fortea er godkjent av Vatikanet. Ein periode brukte han produsent Christian Falch som livvakt.

Foto: Gammaglimt AS

Filmen er rykande fersk, og premieredato er enno ikkje sett.

Det einaste som er sikkert er at NRK skal vise den til hausten.

– Me veit ikkje heilt kva tid den vert vist, men det blir spanande å sjå kva merksemda resulterer i, seier Falch, som fekk kontakt med eksorsisten Fortea for to og eit halvt år sidan.

Produsenten hadde lenge hatt interesse for temaet, og klarte å finne hovudpersonen i ein liten by utanfor Madrid.

Falch la sommarferien sin dit, og fekk kontakt med eksorsisten over telefon. Då han møtte den spanske presten var tilliten på plass med ein gong.

– Det viste seg at han trengte ein livvakt til ein eksorsisme som han skulle gjere same ettermiddag, og det takka eg sjølvsagt ja til. Det gjentok seg iallfall ti gongar i løpet av tida eg var der, så me rakk å bli relativt godt kjent, fortel produsenten.

Spende på vegen vidare

Det var først dagen før han skulle heim til Noreg at Falch tok mot til seg og sa at han dreiv med dokumentarfilm.

– Då spurte eg så høflig eg kunne om han ville vera interessert i å bidra i filmen. Me hadde fått eit slags tillitsforhold, så han sa ja. Då var det berre å hive seg rundt.

Utfordringane har stått i kø for gjengen som har fylgt eksorsisten over heile verda.

Christian Falch

Christian Falch håpar dokumentarfilmen blir vist på norske og utenlandske filmfestivalar.

Foto: Jan Ravnestad / NRK
Eksorsisten i det 21. århundre

Fredrik Horn Akselsen (regissør) og Christian Falch fekk vera med eksorsisten Fortea på jobb.

Foto: Gammaglimt AS

Dei har filma i Colombia, Paraguay og på vestbreidda av Israel.

I tillegg til logistikkutfordringane og samansveisinga av dei over hundre timane med råopptak, måtte dei òg takle dei menneskelege utfordringane.

– Me har ein annan hovudkarakter i filmen, og ho meiner at ho er besatt. Like etter eit intervju me gjorde med ho, så fekk ho en diabolsk manifestasjon der ho plutseleg forandra personlegdom og blei veldig voldsom. Det var spesielt, seier Falch, som no er spend på responsen på sjølve dokumentarfilmen.

– Viss den blir motteke like godt som teaseren, så trur eg at me får eit veldig travelt år.

Video fra Trøndelag

Arnt Helge Volden gjorde et oppsiktsvekkende funn da han gikk seg på et hvalbein i Agdenes. som trolig er mellom 8000-12000 år gammel i Agdenes
Trøndere har alltid satt pris på en god kopp kaffe, men for 20 år siden ble vi introdusert for en ny smaksopplevelse - siden da har det dromedar kaffebar blitt en stor og sentral del av Trondhjems kaffekultur .
En kulokk av Grieg stod på programmet da musikere fra Luftforsvarets musikkorps opptrådte for et helt nytt publikum på Skatval i dag.