NRK Meny
Normal

Eks-sambuar pågripen og sikta for drap

Ei 36-årig kvinne er pågripen og sikta i drapssaka mot Vibeche Falck Danielsen. Ho blir framstilt for varetektsfengsling onsdag.

elektrisk scooter

Kvinna som no er pågripen har tidlegare vedgått at ho har frakta liket av Vibeche Falck Danielsen på hennar elektriske rullestol.

Foto: Politiet

I ankesaka i Vibeche-saka i lagmansretten i dag vedgjekk kvinnas eks-sambuar, ein 49-åring mann, å ha drepe Vibeche Falck Danielsen.

Mannen hugsa no meir av omstendene rundt drapet av Danielsen enn då han forklarte seg for politiet. I retten i dag fortalde han at det var den pågripne 36-årige kvinna som brukte øks på Vibeche medan ho låg i senga. Hans rolle var at han haldt fast beina til den drepte, ifølge den nye forklaringa.

På bakgrunn av den nye forklaringa frå mannen, vart kvinna deretter tatt av politiet:

– Kvinna er pågripen. Det skjedde rundt klokka 13 i dag, seier etterforskingsleiar Geir Ole Momyr i Sør-Trøndelag politidistrikt til NRK.

– Kvinna er sikta for drap, og vil bli framstilt for varetekt i morgon, seier Momyr.

Blodspor

Dei kvite sirklane signaliserer blod som vart funne på T-skjorta til den no pågripne kvinna.

Blodfunn

Eks-sambuaren var tidlegare sikta i drapssaka mot Vibeche Falck Danielsen, men saka mot henne vart lagt bort på grunn av bevisets stilling.

Kvinna hevda tidlegare at ho var på badet og vaska ein hund då drapet skjedde. Blodfunn på T-skjorta hennar tyda likevel på at ho måtte ha stått like framfor Vibeche då ho vart drepen.

– Fakta er at T-skjorta har vore ein meter eller nærare Falck Danielsen då ho vart utsett for slag, spark og anna vold, sa politioverbetjent Geir Hansen i Kripos då saka var oppe i tingretten i desember i fjor.

Då kvinna forklarte seg i tingretten, sa ho at ho ikkje hadde vore i rommet, og at det var sambuaren som hadde gjort dette.

Festar lit til ny forklaring

Kvinna fortalde også at ho hadde vore med på å vaske bort blodet frå golvet. Men ifølge Kripos kunne vaskinga ikkje forklare blodflekkane på T-skjorta.

Etter planen skulle kvinna forklare seg som vitne i ankesaka mot den 49-åringe eks-sambuaraen hennar som starta i dag. Dette blir det no ikkje noko av.

– No har vi openbart fått ei god skildring som det er grunn til å feste lit til, sa førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes tidlegare i dag. Soknes er aktor i saka.

–​ Det vil eventuelt bli tatt ut tiltale mot kvinna for det same drapet, sa Soknes.