Hopp til innhold

Einebustad totalskadd i brann

Måndag føremiddag var det full overtenning i ein bustad i Bangsund utanfor Namsos. Huset sto ikkje til å redde.

Brann i enebolig på Bangsund

BRANN: Det brenn i ein einebustad på Bangsund utanfor Namsos.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Like etter klokka 11.00 måndag føremiddag rykka naudetatane ut til ein brann på Bangsund i Trøndelag.

Ingen personar var heime

– Vi fekk melding frå ein nabo like etter klokka 11. Meldaren forsøkte å komme i kontakt med eigarane av huset, fortel operasjonsleiar Wenche Johnsen i Trøndelag politidistrikt.

Alle bebuarane i huset har no fått beskjed. Det var ikkje folk i huset då brannen starta.

– Det er full overtenning i bustaden. Vi held på å prøve å sløkkje brannen, sa brannvakta i Namsos til NRK klokka halv tolv.

Fare for spreiing

Det var lenge ein viss fare for at brannen skulle spreie seg til eit hus i nærleiken, men no har naudetatane fått kontroll på brannen.

Brannvesenet driv framleis med ettersløkking.

– Huset er totalskadd. Det kan ikkje reddast, opplyser politiet like etter klokka 12.

Dei er framleis på staden, og vil etterforske kva som var årsaka til brannen.

Brann i enebolig på Bangsund

FULL OVERTENNING: Det var lenge fare for at brannen skulle spreie seg.

Foto: Espen Sandmo / NRK