Ein ven skulle passe katten – Mattilsynet fann den svært avmagra blant rot og avføring

Mattilsynet fann katten i så dårleg forfatning at den måtte avlivast. Eigaren som bad ein ven passe dyret mens ho var borte, nektar for å ha gjort noko gale.

Mattilsynet fann ein svært avvmagra og sjuk katt blant rot, avføring og matrestar i ei leilegheit i Trondheim.

MYKJE ROT: Blant rot, avføring og matrestar fann Mattilsynet den svært avmagra og sjuke katten.

Foto: Mattilsynet

– Dyreeigarar som overlèt passet til andre har plikt til å forsikre seg om vedkomande er i stand til å ta vare på dyret. Det seier Live Kleveland i Dyrevernalliansen. Dei kjenner til fleire saker der hundar, kattar og hestar har lidd overlast.

Mattilsynet tok affære etter to bekymringsmeldingar hausten 2019. I leilegheita til ei kvinne frå Trondheim fann dei ein svært avmagra katt.

Ville ha døydd i løpet av få dagar

Det lukta veldig vondt og det var mykje katteavføring i leilegheita. På badet låg dusjslangen på golvet med rennande vatn. Men katten var frykteleg dehydrert og truleg blind, ifølgje veterinær Antonia Christiansen frå Mattilsynet som vitna i retten.

Katten ble tatt med til veterinær da den ble funnet svært avmagret i en leilighet i Trondheim.

TIL DYRLEGE: Katten blei tatt med til veterinær etter at den ble funnen avmagra i ei leilighet i Trondheim.

Foto: Mattilsynet

Ho meinte at dyret ikkje hadde hatt krefter, eller vilje, til å ta seg til badet. Den andre forklaringa kunne vere at dyret ikkje såg vatnet.

Den seks år gamle katten hadde også ein alvorleg urinvegsinfeksjon. Blæra var full, mage og tarm tom og dyret vog halvparten av normal vekt. Alle musklar og alt feitt var borte. Katten ville døydd i løpet av få dagar, meinte Christiansen.

Brot på dyrevelferdslova

Katteeigaren er tiltalt for fleire brot på dyrevelferdslova: Manglande matstell, dårleg levemiljø og for å ha etterlate katten i hjelpelaus tilstand.

Ein person vart nyleg dømd til seks månaders fengsel for å ha vanskjøtta 40 kattar over fleire månader.

Den tiltalte kvinna har fortalt at kattepassaren var ein god ven ho hadde kjent i nokre år. Han var glad i og van med dyr. Ho var aldri i tvil om at han ikkje ville ta vare på katten. Han skulle mate den i leilegheita hennar mens ho budde ein annan stad i tre veker.

Tiltalte fortel at ho hadde det ekstra vanskeleg med depresjon og angst i heile 2019.

– Eg måtte kome meg bort frå leilegheita, sa ho i retten.

Ho snakka med kattepassaren i telefon og via tekstmeldingar og fekk inntrykk av at alt stod bra til. Ho visste ikkje om han hadde vore i leilegheita, men gjekk ut frå det.

Før dette skjedde var ho jamleg til veterinærsjekk med katten. Det var ein innekatt som gjorde frå seg i kasse og ho var svært glad i den, fortalde ho i retten. Ho kunne ikkje ta med seg katten til dei ho budde hos, fordi det ikkje var lov med dyrehald.

Slik så det ut i leiligheten der Mattilsynet fant en avmagret katt.

SØPPEL OG ROT: Det flaut med rot i leilegheita til den tiltalte kvinna.

Foto: Mattilsynet

Nektar å gje opp namnet på kattepassaren

Sjølv om leilegheita hennar var rotete i utgangspunktet, vart ho overraska då ho kom til den to dagar etter at Mattilsynet hadde tatt seg inn.

– Eg fekk sjokk då eg såg korleis det såg ut. Ei venninne hadde passa katten tidlegare og det gjekk heilt fint.

Tiltalte vil likevel ikkje fortelje namnet verken på venninna eller på den mannlege venen som tok over kattepasset.

Trass i fleire forsøk frå både domar og aktor på å få vete kvifor, nekta tiltalte. Fastlegen hennar fortalde om alvorlege psykiske problem hos tiltalte i mange år.

Aktor, politiadvokat Amund Sand, gjorde tiltalte merksam på at dersom ho gav opp namnet på dyrepassaren ville vedkomande også kunne bli straffa.

Kan ikkje frita eigar for straff

Sand sa at han vil ikkje hevde at tiltalte med vilje behandla katten slik. Han meinte tiltalte tok ein sjanse på at dette skulle gå bra.

I prosedyren sådde aktor stor tvil om det var nokon avtale med ein dyrepassar. Tilstanden til dyret viser at det kan ha vore utan tilsyn i tre veker, meinte aktor.

Ber ein privatpersonar om å passe dyret sitt, har ein eit ansvar sjølv for å sjekke. Det stiller seg annleis om ein leverer dyret på ein kennel, påpeika aktor.

– Ein vanskeleg livssituasjon er ikkje uvanleg for personar som blir straffa for dyremishandel. Men det fritek dei ikkje for å bli straffa.

Aktor la ned påstand om 60 timars samfunnstraff. Alternativet er 45 dagar i fengsel om straffa ikkje blir gjennomført på 120 dagar.

Den svært avmagra og sjuke katten gøymer seg blant klær og rot på soverommet. Katten måtte avlivast.

SER DU KATTEN? Blant haugar med kle har katten sett seg ved pappkassa i venstre hjørne.

Foto: Mattilsynet

Bad om frifinning

Forsvarer Torfinn Svanem var sterkt usamd med aktor i at dyreeigarar må kontrollere at passet er forsvarleg.

Han viste til at mange ber om ein nabo eller ven om å sjå til katten mens eigaren er borte.

– Skal eigarane då reise heim frå Spania eit par gonger i veka for å sjekke, undra Svanem.

Han ba om at klienten hans vart frifunnen fordi ho ikkje ville ha forlete katten utan tilsyn.

– Det er generelt viktig at dyreeigar blir stilt ansvarleg i slike saker, sjølv om det er andre som passar dyret i ein periode, seier Live Kleveland, kommunikasjonsleiar og jurist i Dyrevernalliansen.

Organisasjonen gir også råd til dei som har eller ønskjer å skaffe seg katt.

Dom i saka fell seinare.