Hopp til innhold

Hus totalskadd i brann: Ein person skadd

Ifølgje ein nabo skal brannen på Nardo i Trondheim ha starta i eit sykkelbatteri.

Brann på Nardo Trondheim

TOTALSKADD: Det vil vere umogleg å bu i huset i lang tid framover, fortel ein brannmann på staden.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Klokka 13 laurdag meldte politiet om brann i eit hus på Nardo i Trondheim.

Naudetatane er på staden. Alle som bur der skal ha kome seg ut av huset no. Ein person får behandling for lettare brannskadar, skreiv politiet på Twitter rett etter klokka 13.

To timar seinare, seier operasjonsleiar Ole Petter Hollingen i Trøndelag politidistrikt at personen er sendt til sjukehus. Han beskriv no skadeomfanget som ukjent for politiet.

– Ein person er køyrd til sjukehus. Kor skadd han vart i brannen er ukjent for oss, seier Hollingen.

Trur brannen starta i sykkelbatteri

Brannvesenet driv no med ettersløkking og sikring av verdiar i huset.

Ifølgje ein person i brannvesenet NRK har snakka med på staden vil det vere umogleg å bu i huset i lang tid framover. Brannmeister Gunnar Sundli ved 110-sentralen bekreftar dette. Han seier huset er totalskadd.

Ifølgje ein nabo som kom tidleg til staden skal brannen ha starta i eit sykkelbatteri som stod til lading i sjølve bustaden.

– Det er antyda av bebuarane sjølve, men vi konkluderer ikkje med noko før vi har gjort ein teknisk undersøking, seier Ole Petter Hollingen i politiet.

Evakuerte seg sjølve

Personane som bur i huset kom seg ut før naudetatane kom til staden.

Ein person som bur i huset fortel at han stod og barberte seg då han vart varsla om brannen.

– Eg hadde på meg tøflar då vi måtte evakuere. Brannmannskapa hentar kleder til meg no, seier han til NRK.