NRK Meny
Normal

Ein ung tilskodar omkom i ei ulukke på ei motocrossbane i Oppdal

Ein person er bekrefta omkomme etter ei ulukke på ei motocrossbane i Oppdal i Trøndelag. Ifølgje politiet var personen tilskodar under ei trening der.

Den unge personen skal ha vore tilskodar under ei motorsykkeltrening på bana. Innsatsleiar i politiet i Trøndelag, Geir Arne Sjøhagen, seier det er ei tragisk ulukke. Bilete: OPP

Ein ung person mista livet i ei ulukke på ei motocrossbane i Oppdal. Klokka 15:15 melde politiet frå om at det hadde vore eit samanstøyt mellom ein ung person og ein motorsykkel.

– Det var trening på bana. Vi fekk melding om ulukka klokka 14:50, og allereie i meldinga skjønte vi at det var snakk om ei alvorleg ulukke.

Det seier Stig Roger Olsen, operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt.

Var tilskodar på ei trening

Den unge personen skal ha vore tilskodar under ei motorsykkeltrening på bana.

– Vi har ikkje heilt oversikt over kva som har skjedd endå. Men det var ein av motorsyklistane som truleg mista kontroll over sykkelen, og hamna i ein posisjon der han kom borti den unge personen, seier Olsen.

Føraren av motorsykkelen skal ikkje vere alvorleg skada.

– Vi har rapportar på at han ikkje er alvorleg skada. Vedkommande er frakta til sjukehus.

Trening på motocrossbana: – Tragisk ulukke

Geir Arne Sjøhagen i politiet

Innsatsleiar i politiet i Trøndelag, Geir Arne Sjøhagen, fortel at livet til den unge personen dessverre ikkje stod til å redde.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Det var eit organisert treningsarrangement på bana i Oppdal. Innsatsleiar i politiet, Geir Arne Sjøhagen, seier dei har sperra av området no. Han fortel meir om kva som skjedde:

– Det var ein vaksen person som køyrde ein motocrossykkel. Han mista kontrollen, og trefte dessverre ein av tilskodarane. Det oppstod alvorlege skadar. Det blei sett i gong livreddande førstehjelp, men livet stod dessverre ikkje til å redde. Det er ei tragisk ulukke.

Laster Twitter-innhold

Skal etterforske saka

– Fram til no har vi vore i ein fase der vi forsøker å redde liv. No fokuserer vi på å ta vare på dei involverte og pårørande, seier operasjonsleiar Olsen.

Han seier dei har sendt eigne krimteknikarar til staden for vidare etterforsking.

– Vi skal etterforske saka. Vi får også hjelp frå ulukkesgruppa til Statens vegvesen, seier Olsen.

Politiet i Trøndelag, får hjelp av Statens Vegvesen, dødsulukke Oppdal

Politiet får hjelp av ulukkesgruppa til Statens vegvesen. No jobbar dei med å sikre området. Dei snakkar og med augevitne.

Foto: Jøte Toftaker / NRK