Ein mann flydd til sjukehus etter dykkarulukke: – Gjekk tom for luft

Ein utanlandsk mann i 50-åra har vore involvert i ei dykkarulukke ved Dolmsundet på Hitra i Trøndelag. Personen er blitt frakta til St. Olavs hospital med luftambulanse.

Dykkarulukke Hitra

Politi og luftambulanse er på staden.

Foto: Ronny Teigås

Dykkaren skal ha gått tom for luft.

Det blei utført livreddande førstehjelp på staden, og mannen er no flydd med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim. Skadeomfanget er ukjend, men han skal ha vore ved bevisstheit.

Laster Twitter-innhold

– Dykkinga har ikkje vore gjennomført saman med noko organisert dykkarlag. Den eine personen fekk problem under dykkinga, seier operasjonsleiar i politiet, Kirsten Bergstrøm, til NRK.

Det var to personar i vatnet då ulukka skjedde, opplyser innsatsleiar på staden.

Politiet opplyser at mannen er frå Ukraina, og at han har dykka saman med ein annan person. Det skal vere snakk om ei turistgruppe på 15 stykke som har vore på tur saman, og familiemedlem av mannen er på staden. Reisefølget blir ivaretatt av kriseteam som er på plass ved Dolmsundet hotell.

– Mannen skal ha gått tom for luft, men det er framleis uklart kva som har skjedd, Bergstrøm.

Laster kart, vennligst vent...

Det blei utført livreddande førstehjelp på staden.