Hopp til innhold

Ein ny vår kjem i Flatanger

Når terrenget brenn, åpnar det for endringar i naturen. Nye artar, både av insekt og plantar, kjem til. Samstundes overlever dei gamle. Det er no i ferd med å bli grønt i dei brannherja områda i Flatanger.

Hasvåg etter brannen

Hasvåg om lag fire månader etter storbrannen som herja grenda. Mykje er framleis svartsvidd, men det grøne vinn fram smått om senn.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK Trøndelag

Det grønnes i Flatanger

Kontrasten mellom den lauvrike lia og den brunsvidde lyngen er stor i Flatanger.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK Trøndelag
Småværet etter brannen

I Småværet brann mange hus opp. Denne bryggerekka er blant det som står att.

Foto: Kristin Haug / NRK Trøndelag

– Storbrannane på Frøya og i Flatanger gir naturen ein ny start, seier biolog og forskar ved Norsk institutt for naturforskning, Frode Ødegaard.

Han har vore i brannområda i Flatanger tidlegare i vår, og kunne konstatere at det er store brunsvidde område i terrenget der.

– Men det er utruleg kor fort det går før det spirar i dei svarte flatene, seier han.


– Det går veldig raskt å få auka grasvegetasjon etter ein slik lyngbrann.

Spennande nye artar

Lyngen kjem opp på ny og skaper gode beitetilhøve. Etter skog- og lyngbrannar skjer det også spennande ting, både med plantar og insekt.

– Skog- og lyngbrann er ei naturleg forstyrring som naturen er godt tilpassa for å tåle. Alle dei gamle artane klarer å overleve, og så kjem det mange nye artar. Det blir nytt liv i naturen, seier Ødegaard.


Over tid vil artane bli bytta ut, heilt til det gror igjen slik det var før.

– Men det vil ta fleire tiår før naturen ser ut som før storbrannen, trur Ødegaard.

Det spirer i Flatanger

Naturen tek seg inn att etter skog- og lyngbrannen i slutten av januar 2014.

Foto: Jørn Haudemann-Andersen / NRK Trøndelag