Hopp til innhold

21-åring død i Nidelva i Trondheim

Politiet i Trondheim stadfester søndag føremiddag at det er ein 21 år gammel student frå Austlandet som vart funnen død i Nidelva natt til søndag, etter at det vart sett i verk leiting etter han laurdag kveld, da han vart meld sakna.

Bakke bru i kveldslys

Ein 21 år gammal student frå Austlandet vart funnen død ved halv fire tida søndag morgon, av leitemannskap under søk i Nidelva i Trondheim.

Foto: Hans H. Bjørstad

Natt til søndag vart ein mann funnen død i kanalen nedanfor Bakke Bru i Trondheim.

No stadfester krimvakta ved politiet i Trøndelag at det er slått fast at dette er den 21 år gamle studenten som vart meldt sakna laurdag kveld.

Han vart sist sett eit døgn tidlegare av kameratar som han var ute i byen saman med.

21-åringen vart meldt sakna utpå laurdagen, da kameratane ikke hadde høyrt frå han.

Mannen er student og frå Austlandet, og skal ha vore på helgebesøk i byen, opplyser politiet til NRK.

Dei siste observasjonane av mannen vart gjorde ved Nidelva.

Leiting natt til søndag

Trøndelag Brann- og redningsteneste og Røde Kors søkte natt til søndag etter mannen i og ved elva.

Like etter klokka 6 søndag morgon melde politiet at ein mann var funnen omkommen i kanalen nedanfor Bakke Bru i Nidelva klokka 3.40, av Røde Kors.

Etterforskar muleg ulykke

Politiet etterforskar saka som ei muleg ulykke, seier Kristian Mørkved ved krimvakta i Trondheim til NRK.

Det er så langt ingen ting som tyder på at 21-åringen har vore utsett for ei kriminell handling.

Politiet kjem til å undersøke ein del videoovervakingskamera i nærleiken av staden der 21-årigen kan ha falle i kanalen, i håp om at det der kan finnast svar på kva som skjedde.

– Den døde vil bli obdusert, sannsynlegvis måndag. Så vil obduksjonsrapporten gje fleire svar.