Ein fiskar i 70-åra er bekrefta død etter at båt gjekk på grunn

Ein mann er er bekrefta omkommen etter at ein sjark gjekk på grunn i fjæra i Leka kommune i Trøndelag. Det er framleis usikkert kva som har skjedd.

Båt på grunn ved Gutvik i Leka

REDNINGSAKSJON: Hovudredningssentralen i Nord-Norge fekk inn melding om ein båt som stod i fjæra ved Gutvik i Leka kommune.

Foto: R/S Harald V

– Ein mann blei funne bevisstlaus i båten, fortel Bjørn Handegard i politiet.

Dei bekreftar no at mannen er død.

Laster Twitter-innhold

Det har pågått redningsarbeid i ettermiddag, kor blant anna ferja Leka blei involvert. Mannskapet på ferja oppdaga ein båt i fjæra, og var innstilt ein periode på grunn av redningsaksjonen.

– Det er snakk om ein eldre mann som var ute å fiska, seier Handegard.

Statens vegvesen melder at ferja er i rute igjen.

GUTVIK I LEKA: Mannskapet på MF Leka oppdaga ein båt i fjæra, og var innstilt ein periode på grunn av redningsaksjonen.

Båt varsla til HRS

Jakob Carlsen som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen Nord-Norge fortel at redningsskøyta Harald V også var der. I tillegg blei det sendt luftambulanse frå Brønnøysund.

Carlsen fortel at dei endå ikkje veit kva som har skjedd:

– Det kan vere snakk om eit illebefinnande. Eller så har båten gått på grunn og mannen har blitt skada, men vi veit ingenting endå.

Båt på grunn ved Gutvik i Leka kommune

SJARK: Ein mann er er bekrefta omkommen etter at ein sjark gjekk på grunn i fjæra i Leka kommune i Trøndelag.

Foto: R/S Harald V

Helsevesenet har tatt seg av mannen, og Carlsen fortel at sjarken truleg blir liggande.

– Redningsskøyta Harald V prøvde å få berga båten, men eg veit ikkje kva som skjer med den endå.