Hopp til innhold

Eilifsen konge av Granåsen

Morten Eilifsen frå Henning Skilag vann herrenes 15 kilometer fristil i Granåsen i Trondheim.

Morten Eilifsen har aldri vore på pallen i eit NM tidlegare, men torsdag tok steget heilt til topps.

- Dette var topp. Herleg! Det var berre å gå som f.... heile vegen og det funka bra. Det er heilt konge med eit NM-gull. Kjempedeilig, rett og slett. Eg starta hardt og auka, seier Eilifsen til NRK Sport rett etter han gjekk i mål.

Sekundstrid

Han slo skiskyttar Ronny Andre Hafsås med 3,6 sekund. Heller ikkje Hafsås, som representerer Stårheim, har vore på pallen i eit NM tidlegare.

- Eg er veldig godt fornøgd. Eg prøvde å opne roleg. Sidan eg fekk høyre at eg opna for sterkt i fjor, så eg prøvde å gå rolegare i år, seier Hafsås.  

Petter Northug frå Mosvik blei nummer tre på 15-kilometeren i Granåsen. 

- Eg ynskte å kjempe heilt i toppen i dag og følte det stemte bra. Eg gjorde eit godt løp, men dei to andre gjekk veldig fort, seier Northug. 

Northug datt

Rundt sju kilometer fall Petter Northug ute i løypa.

- Eg datt og blei litt stiv, men eg kunne ikkje hamla opp med dei to beste uansett i dag, seier Northug. 

Han skal no ha ein roleg dag før han stiller til start på tremila og stafetten.