Egglegging og ruging har gitt suksess

I redaksjonen i Namdalsavisa er det ikkje feil å seie at svært mange er opptekne av egglegging og ruging. I tre år har lokalavisa følgt eit Tjeld-par på Otterøya.

Namdalsavisa har i tre år fulgt et tjeldpar på Otterøya. Sakte-tv med egglegging og ruging har gitt avisen suksess. Men så er det da også drama i naturen:

Namdalsavisa har stor suksess med sakte-tv.

Journalist
Kjartan Trana
Journalist
Kim Riseth

Redaktør i Namdalsavisa, Kim Riseth, fortel at konseptet er det mest sette i heile Amedia-konsernet.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Konseptet med Tjeld-tv har vorte ein stor suksess for lokalavisa.

– Det har to år på rad vore det mest sette i heile konsernet. Amedia har 80 aviser. Fleire av dei er mykje større enn vår, så det er klart det blir lagt merke til, seier Kim Riseth, redaktør i Namdalsavisa.

Nærleik til naturen

– Eg trur me har oppnådd eit eller anna med den nærleiken til naturen. Dette er ein fugl som ikkje folk har hatt høve til å oppleve så nært og over så lang tid, seier Martin Fossland, digitalsjef i Namdalsavisa.

Suksessen til avisa har ført til unike innblikk i livet til Tjeld-fuglen, men også til ein del bekymringar og vanskar. Blant anna har ei kråke i år teke egg tre gongar og fuglane har også sørga for ein del problem sjølve.

(Artikkelen fortsetter under):

Martin Fossland

Digitalsjef i Namdalsavisa viser kvar Tjeld-fuglen held til.

Foto: Kjartan Trana / NRK

Spent på fortsetjinga

Tjeld på Otterøya

Namdalsavisa har følgt eit Tjeld-par i tre år.

Foto: Kjartan Trana / NRK

– Ein kveld fekk me eit dramatisk utbrot på Tjeld-chatten. Då var eine egget bort. Det var Hjalmar, den eine Tjeld-fuglen, som hadde klart å rote bort egget over kanten, fortel Riseth.

Dei sette då i gang ein redningsaksjon.

– Me var då nøydd til å sende ut nokon for å finne egget.

I fjor vart det ikkje nokre ungar, og i desse dagar har Tjelden berre eitt egg igjen. Redaksjonen og faste Tjeld-tv-fans er svært spente på korleis dette vil ende.

Video fra Trøndelag

1500 besøkende i helgen
I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.
Fikk heder for sitt arbeid med mangfold og inkludering.