Hopp til innhold

Eggen trur på siger mot FCK

– Det er fullt mogleg å slå dei, seier RBK-trenar Nils Arne Eggen.

Eggen

Nils Arne Eggen tror Rosenborg har en sjanse til å vinne mot FC København.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Både spelarar, trenarar og journalistar var samla på Lerkendal for å sjå resultatet av trekninga til fjerde og siste kvalifiseringsrunde til Meisterligaen.

Det var jubel på brakka då det vart klart at Rosenborg møter Ståle Solbakkens FC København i den fjerde kvalifiseringsrunden. Første kamp blir på heimebane tirsdag 17. august og returoppgjeret går i København onsdag 25. august.

Ville helst hatt nokon andre

Eggen tok det heile med knusande ro, men ville helst sett at nokon andre enn FC København vart motstandaren.

– Det er heilt ok. Vi har sagt at vi tek dei vi får, men eg hadde helst sett at vi hadde trekt forbi kvarandre. Begge laga hadde trengt å gå vidare, seier Eggen.

Han trur kampane blir spennande.

– Det blir eit interessant skandinavisk oppgjer, og det er fullt mogleg å slå dei, seier Eggen bestemt.

Han avviser at det er ein fordel å spele mot eit nordisk lag i kvalifiseringa.

– Prestasjonen frå oss vil vere avgjerande uansett. Det er ikkje kjennskapen til motstandaren som gjer at ein vinn ein kamp, det er kjennskapen til sitt eige lag.

Rosenborg

Spillerne hadde trening på Lerkendal i dag.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Spente spelarar

RBK-spelarane reagerte positivt på resultatet av trekninga.

– Dette er det oppgjeret heile skandinavia har venta på, så det blir gøy, seier Kris Stadsgaard.

Per Ciljan Skjelbred trur kampen kan bli utfordrande.

– Det blir ei fin utfordring. Det er eit bra lag, så eg trur det blir jamnt, seier Skjelbred.

Vadim Demidov trur ikkje FCK er nokon verre motstandar enn dei andre moglege laga før trekninga.

– Det hadde vore ei stor utfordring uansett. FCK er eit veldig godt lag, og det blir spennande å sjå kven av oss som er best.