Hopp til innhold

Vegvesenet og politiet melder om glatte vegar, både for køyrande og gåande

Snøen skapar glatte vegar, og fleire stader i fylket har det skjedd uhell. Det har ikkje vore noko større personskadar, men fleire stengde vegar iløpet av dagen. Nokre stader er det framleis stengd.

Minibuss av vegen Hitra
Foto: NRK-tipsar

Fv 680 mellom Kyrksæterøra og Vinjeøra er stengd, då to lastebilar sperra vegen ved Lenesvingen. Der er også fleire bilar som får bergingshjelp, og det er lang kø i området.

Også i Hommelvik er deler av vegen sperra, då ein trailer har køyrd av vegen. Kjøretøyet sperrar påkøyrina sørover til motorvegen.

– Vi har fått melding frå fleire stader i Trøndelag om at det er problem. Både Fosen, Hitra og Byåsen-området, fortel operasjonsleiar i Sør-Trøndelag politidistrikt, Bengt Tiller.

Laster Twitter-innhold

Han rår folk til å køyre etter forholda, og seier også at ein må belage seg på at det kan verte kødanningar fleire stader i fylket. På Midtsand i Malvik kommune er det avgrensa framkommeligheit for lastebilar, då eit vogntog sperra vegen. Dette er på Fv950.

Ekstremt glatt

Tiller seier at det er ekstremt glatt rundt om i fylket, og seier at dei også har fått inn meldingar om at det er glatt å gå.

Snøkaos

Politiet melder om problemer fleire stader i fylket.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Tidlegare i dag var E6 ved Trones stengd.

– Vi har fått melding om at det er fleire vogntog som står fast, fortel trafikkoperatør Finn Bull.

Eit felt av vegen var stengd tidlegare i dag, men Bull seier at det kan verte heilt stengt på kort varsel. Han fortel at det er strødd på området, men at det har vore vanskeleg for strøbilen å komme seg fram grunna trafikkaos.

Trafikkaos

Trafikkoperatør i vegvesenet bekrefta at fleire vogntog stod fast ved Trones.

Foto: NRK-tipsar

Mykje snø over heile fylket

Det er på strekninga Grong-Mosjøen at vegen var stengd, ved Trones.

– Folk må belage seg på venting, seier Bull.

Bull fortel at det snør kraftig og er vanskelege køyreforhold.

Han seier at folk kan setje seg i bilen, men at dei må køyre etter forholda. Det er snakk om fleire vogntog som treng bilberging, men Bull veit ikkje kor mange det er.

Trones

Fleire trafikkuhell

Ein minibuss har køyrd av vegen på Fv714. Politiet melder på Twitter om mindre personskadar. Trafikkuhellet skal ha skjedd cirka 3 km før for Fillan.

Politiet kan melde om fleire uhell andre stader i fylket, og skriv at det er svært glatt.

Laster Twitter-innhold