Hopp til innhold

E6 er open for trafikk

E6 er opna etter at vegen var stengt nord for Trondheim grunna dieselsøl.

Diesel på E6
Foto: Tor Aage Hansen

E6 har vore stengt i fleire timar etter at eit vogntog lak diesel over eit strekke på vegbana.

300 liter

Sjåføren var på veg sørover med 300 liter diesel. Like før Væretunnelen kom vogntoget for nært eit skilt som slo inn spegelen mot sideruta til sjåføren slik at den knuste.

Sjåføren fortel at han vart forskremt og mista kontrollen. Vogntoget trefte midtdeleren slik at dieseltanken opna seg.

Køyrde vidare

Han forsto ikkje at tanken lak, og haldt fram med å køyre. Han stogga nokre hundre meter før Ranheim då han oppdaga at målaren til tanken gikk nedover.

Politiet har vore på staden og snakka med sjåføren. Viking tek seg av den skada tankbilen.