Hopp til innhold

E.coli på fire gardar

Mattilsynet i Trøndelag fann den farlege typen E.coli på fire gardar i fire forskjellige kommunar.

Sau i Verrafjorden i Agdenes
Foto: Kristin Fissum

Det opplyste Mattilsynet på ein pressekonferanse i dag. Dei vil ikkje offentleggjere spesifikt kor bakterien er funnen. Det er fordi den enkelte bonde ikkje kan klandrast. Dei vil heller ikkje seie noko om kva for kommunar det gjeld.

 

Bjørn Røthe Knudtsen i Mattilsynet presenterer e.coli-funn
Foto: NRK

Mattilsynet i Trøndelag har tatt prøver av 15.000 sauer. Kartlegginga  viser at det er gjort funn av E. coli O103, den same bakterien som førte til at eitt barn døde og 17 personar vart sjuke  i vinter.

Mattilsynet kan ikkje seie om ein eller fleire av dei fire tilfella har samanheng med sjukdomstilfella. Men dei kan ikkje sjå direkte linkar mellom funna dei har gjort no og sjukdomsutbrota.

Ekstra kontroll til hausten

Regiondirektøren i Mattilsynet i Trøndelag, Bjørn Røthe Knudtsen, seier at bøndene som eig sauene med E.coli-bakteriar skal få god oppfølging og rådgiving. Til hausten skal alle sauene frå dei aktuelle besetningane bli ekstra godt kontrollert når dei kjem frå beite.

Mattilsynet krev også forbetring av slakteteknikkane under slakting av sau. I tillegg må kontrollen med sluttprodukta etter slakting bli betre, seier Bjørn Røthe Knudtsen.

Det er gjort funn både i Nord- og Sør-Trøndelag.