– Fleire av dei er skadde. Dei haltar og er underernærte. Vi strekk oss langt for å hjelpe dei, men no har vi heilt sprengd kapasitet, seier Anita Fossdal.
Ho er styreleiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Sør-Trøndelag. Dei melder no om kjempemange heimlause kattar. No ser dei ikkje anna råd enn å be folk bli fosterforeldre for kattane som kjem inn. Men det dei først og fremst ber om, er at fleire katteeigarar tar ansvar.
Dumping av kattar
Det er dei heller ikkje aleine om å meine:
– Kvar einaste sommar er det nokon katteeigarar som reiser vekk frå katten sin, seier Live Kleveland kommunikasjonsleiar og jurist i Dyrevernalliansen.
Ho fortel at nokon skaffar seg katt i ein periode av livet der dei er mykje heime, men så gløymer dei pliktene som følgjer med.
– Det er mange uansvarlege katteeigarar, seier Kleveland og held fram
– Når ein skaffar seg katt bør ein vite at ein aldri meir kan ta ei spontan reise, utan å ha nokon til å passe han.
Ho understrekar at mange tamkattar klarar seg dårleg i det norske klimaet.
– Stort problem at folk ikkje kastrerer
På hjelpesenteret til Dyrebeskyttelsen Norge Sør-Trøndelag bur det no 20 kattar med ulik bakgrunn. Når NRK stikk innom den vesle brakka, er det Linda Krokstad som opnar døra.
– Det er veldig overfylt her no, slik det er over heile landet. Men etter at vi la ut ei krisemelding på Facebook med etterspurnad om fleire fosterheimar, så har fleire folk tatt kontakt, seier ho.
– Hovudproblemet er jo at folk ikkje kastrerer kattane sine. Hadde folk gjort det, hadde vi på sikt redusert bestanden av heimlause kattar, seier Krokstad.
Ho fortel at dei jobbar mykje med å fortelje folk om kor viktig det er å kastrere og ID-merke katten.
– Eg trur grunnen til at folk ikkje kastrerer ofte handlar om at dei ikkje har nok kunnskap om det.
Les også:
Ville bidra til fleire kattungar
– For meg er det tre primære ting som er viktig når ein har katt: Mat, friskt vatn og ein trygg plass å sove. I tillegg bør ein ha ein klar plan for kven som skal passe katten når ein reiser bort, seier katteeigar Simon Folkman Hedland.
Han har i eit og eit halvt år vore matfar til katten Findus og har ord på seg for å vere ein ansvarleg katteeigar.
– Å ha ein katt er eit fantastisk tilskot i livet, men folk bør tenkje seg om før dei skaffar seg det, seier han.
Findus sjølv dukkar ikkje opp under intervjuet. Det er ikkje uvanleg at hokatten tar seg ein langtur. Hedland seier han vurderte å la katten vere ukastrert.
– Eg valde til slutt å gjere det, men eg var litt i tvil om eg skulle kastrere fordi eg hadde ein ide om at det hadde vore greitt å la katten vere ukastrert.
Han har fått eit inntrykk av at det er stor etterspurnad etter kattungar i Trondheim. Derfor ville han gjerne bidra til å auke bestanden.
– Men så fann eg ut at Findus var ein hokatt og byrja å tenkje meir på ansvaret med å få kattungar.
Det blir stille eit augneblikk før han held fram:
– Eg trur ikkje det er farleg å la katten din vere ukastrert. Eg trur det kan vere mykje bra med det også. Men det kan jo vere det er for mange kattungar her, for alt eg veit.
– Ikkje for få kattar
– Eg trur ikkje det er for få kattar i Trondheim, seier Krokstad i Dyrebeskyttelsen Norge. Det har kanskje vore stor etterspurnad i ein kort periode grunna koronakrisa, men det er meir enn nok heimlause kattar som folk bør hjelpe.
Ho oppfordrar folk som ønsker katt om å ta kontakt med ein dyrevernorganisasjon.
– Vi mottar kattungekull på kattungekull. Viss ein adopterer hjelper ein ikkje berre katten ein tar til seg, men frigjer også plass til ein ny katt som treng hjelp, avsluttar ho.