Hopp til innhold

Til kamp mot dyr nattbuss

Studentane i Trondheim engasjerer seg no rundt ein kampanje for å få billigare nattbuss. Målet er å få inn 15.000 underskrifter.

Ida Medina Jodanivic

Leiaren for Velferdstinget i Trondheim, Ida Medina Jodanovic, er frustrert over den dyre prisen på nattbussane. No prøvar ho å gjere noko med det.

Foto: Helene Solheim / NRK

Byens studentar betalar 460 kroner i månaden for å ta buss. Problemet er at nattbussen ikkje er inkludert i dette, så dersom du skal heim etter festen på laurdag må du betale 100 kroner i tillegg.

– Det er alt for dyrt. Hvis Trondheim skal behalde tittelen "Norges beste studieby" er dei nøydd å fjerne nattaksten, seier Ida Medina Jodanovic, leiaren for Velferdstinget i Trondheim.

Ho har oppretta ein underskriftskampanje for å vise at studentane engasjerer seg i saka. I løpet av den første dagen var det allereie komt inn over 4000 underskrifter.

– Eg har jo sett meg målet om 15.000, sånn at vi har eit representativt antall med på laget.

Det var studentavisa Under Dusken som først omtalte saka.

Lite svar frå fylkeskommunen

Det er Sør-Trøndelag fylkeskommune som setter nattaksten for Trondheim, og dei har hatt møte med Velferdstinget angåande nattprisane. Ida forklarar at fylkeskommunen ikkje var uvillige til å samarbeide, men dei ville ha bevis for at dette var noko studentane verkeleg ønska seg. Samferdselssjefen Oddveig Kipperberg har lite svar å komme med når vi spør om dette er ein realitet:

Oddveig Kipperberg, samferdselssjef i Sør-Trøndelag fylkeskommune
Foto: Helene Solheim / NRK

– Det kan eg ikkje svare på. Eg har heller ikkje svar på noko eventuelt tidsrom, seier ho.

Kipperberg er veldig glad at studentane viser engasjement, og ho gler seg til å sjå resultatet frå undersøkingskampanjen. Dessverre kan ho ikkje gi noko hint om 15.000 underskrifter er nok, eller om dei vil prøve å utarbeide eit nytt tilbod for studentane.

Utrygt med dyr buss

Studentane ønsker å få fjerna nattaksten på bussen, samt å få nattbussen til å inngå i studentane sin periodebillett. Etter at Bergen innførte desse reglane 1. februar i år, er Trondheim ein av dei siste som held fast på nattaksten. Blant anna Oslo, Stavanger og Tromsø er byar kor du slepp den dyre kostnaden, i tillegg til at tilbodet er inkludert for dei som har kjøpt seg månadskort.

– Det er rett og slett utrygt med dyr buss. Studentane har verken råd til buss eller taxi, og ender derfor opp med å gå. Det er mange tilreisande som ikkje kjenner området så godt, og det er ikkje berre snakk om netter med alkohol. Det kan vere etter kino, bowling eller andre sosiale samankomstar, seier Ida.

– Forkasteleg at vi må punge ut med halve stipendet

Studentane vi møter på Gløshaugen gir tydeleg inntrykk av at det er for dyrt, og dei færraste vel å ta nattbussen grunna prisen.

Adrian Antonsen studerar ved NTNU, og irriterar seg over prisane på nattbuss i Trondheim-

Adrian Antonsen meiner at prisen på nattbuss i Trondheim er alt for høg.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Eg synast det er heilt forkasteleg at vi må punge ut med halve stipendet vårt for å komme heim på ein laurdagskveld, seier Adrian Antonsen.

– 100 kroner for ein veg er heilt latterleg, seier Mia Sofie Sandvold.

– Eg går heller heim. I fjor budde eg så langt frå sentrum at eg brukte ein time på å gå kvar gong eg skulle heim, seier Fabian Rønning.

Til no har Ida fått inn 6000 underskrifter, og ho vil halde fram med å informere studentar på skulen for å klare å samle endå fleire.

– Vi i Velferdstinget håpar vi kan få oppheva nattaksten innan 1. juli. Viss det er billegare nattbuss til fadderveka starta i august, vil nok mange fleire lage seg ein vane med å bruke nattbussen.