Hopp til innhold

Drept binne kan ha ungar

Bjørnebinna, som blei drept av ein gjetar i Lierne, kan ha fått ungar i vår eller vinter.

Bjørn skutt i Lierne
Foto: Bente Estil

Bjørnen er no på lensmannskontoret i Lierene. Rovviltkontakt for Indre Namdalen har freista å finne ut kor gamal binna er og å sjekke om den kan ha fått bjørneungar i vinter eller vår, som no er åleine i skogen.

- Vi har undersøkt binna og gjort målingar av tennene hennar, for å freiste å slå fast kor gamal ho kan vere. Men undersøkingane har ikkje gitt oss noko svar, seier Tore Solstad, regionansvarleg i Statens Naturoppsyn i Indre Namdal, til NRK Trøndelag.

Blir sendt til Trondheim

Bjørnebinna skal i første omgang frysast ned på lensmannskontoret i Lierne. Etterkvart skal den sendast vidare til Vetrinærinstituttet i Trondheim for analysar.

- Vi samarbeider med NINA for å prøve å finne ut mest muleg om binna. Det er lensmannskontoret som tek seg av den vidare etterforskinga, seier Solstad.

Skaut i nødverge

Binna blei skoten av ein gjetar då ho jaga sauer i ei innhegning i Inderdalen i Sørli i natt.

Gjetaren har forklart til politiet at det var to bjørnar i området og at han skaut i nødverge.

- Sauegjetaren skaut på den minste, som var nærmast sauene og som var mest agressiv, seier lensmann i Lierne, Hallgeir Buran, til NRK Trøndelag.