Drapssikta godtek fengsling

Den sikta 20-åringen vert satt i varetekt i fire veker.

Geir Olav Granbo og Alf Rune Nilsen

Politioverbetjent Olav Granbo og politiinspektør Alf Rune Nilsen

Foto: Jørgen Pettersen / NRK

Mannen som er sikta for forsettelig drap vert framstilt for varetekstsfengsling i Trondheim Tingrett i morgon. Motivet er enda uklart.

Skoten

I natt vart ein 25 år gamal mann skoten av ein 20 år gamal ven i leilegheita si på Byåsen i Trondheim. Mannen vart pågripen klokka 01.19, om lag ein time etter politiet fekk melding. Det var felles vennar av dei to som tilkalla politiet.

Politiet bekreftar i ettermiddag at mannen vart skoten med, og at hagla dei fann i leilegheita trulig er drapsvåpenet.

Tragisk

Morten Aaberg er advokaten til den sikta. Han seier at den 20-åringen har vore i avhør i dag, og at det heilt klart dreier seg om eit tragisk uhell.

- Siktinga på forsettlig drap er ein foreløpig sikting som politiet tek ut når dei finn ein avdød person, seier Aaberg.

Han seier politiet ikkje enda har tatt stilling til straffeskuld fordi det er ein lang prosess, men ser ingen grunn til å erkjenne straffeskuld for den siktinga.

- Han gått med på fengsling fordi vi ha forståing for at politiet skal få ro til å etterforske, utan at det vert stilt spørsmål til det i etterkant, seier Aaberg.

Den sikta skal føle at han er under sterkt press og har bedt om å få snakke med ein psykiater.

Etterforskar framleis

Kriminalteknikarar og taktiske etterforskarar har arbeidd med saka sidan politiet fekk melding i natt og har avhøyrt fleire vitnar og vil halde fram med det ut dagen.

Kripos er informert om saka, men er ikkje kopla inn enda.